Beit Yanai (hebraisk skrift בֵּית יַנַּאי, tyder 'Yanaihuset') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta ved kysten av Middelhavet kring 6 km nord for Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 399.
Moshaven vart grunnlagd i 1933 av immigrantar frå Litauen og Polen, og vart kalla opp etter Alexander Jannaeus (på hebraiske kalla Alexander Yanai), ein hashmoneisk konge. Det var fleire amerikanarar blant dei første nybyggjarane.
Han tok seinare i mot fleire immigrantar frå Sør-Afrika. I 1947 var folketalet over 100 innbyggjarar.
Kfar Vitkin-kaien vart bygd i 1938 nord for moshaven. Altalena låg til kai der, og vart nytta til å eksportere sitrus.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Yanai» frå , den 26. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Litauisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Polsk diaspora i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1933 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1933 i Palestina