Mishmar Ayalon (hebraisk skrift מִשְׁמַר אַיָּלוֹן, tyder Ayalon-vakta) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg mellom Latrun og Ramla langs den gamle vegen mellom Jerusalem og Tel Aviv, som ligg oppom den bibelske dalen Ayalon (Josva 10:12), som han har namn etter.Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.333, ISBN 965-220-186-3 (English) Staden høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 417.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av ei gar'in-gruppe av Holocaust-overlevande frå Tsjekkoslovakia.

Hovudnæringa i moshaven er jordbruk, hovudsakleg frukt, grønsaker og meieridrift, som er kjend for ost av høg kvalitet. Kunstnaren Jonathan Kis-Lev var fødd i moshaven og landskapet her er motiv i mange av måleria hans.; Sjå òg Thrope, Samuel (21. mars 2011), "The Metamorphosis: Jonathan Kis-Lev's Jerusalems", Zeek, a Jewish Journal of Thought and Culture, henta 5. desember 2011

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mishmar Ayalon» frå , den 25. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tsjekkisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Slovakisk diaspora i Israel