Yad Rambam (hebraisk skrift יַד רַמְבַּ"ם, tyder Rambam-minnesmerket) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah nær Ramle og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 000.

Moshaven vart grunnlagd den 6. november 1955 og vart kalla opp etter Maimonides (på hebraisk kalla Rambam). Dei fleste av nybyggjarane var immigrantar frå Fes i Marokko.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yad Rambam» frå , den 25. juli 2015.

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1955 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1955 i Israel