Marcos Evangelista de Morais (), kjend som Cafu [kaˈfu], er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar, fødd i São Paulo. Han vart verdsmeister med Brasil i både 1994 og 2002, i den sistnemnde meierskapen som kaptein. Cafu spelte også VM-finalen 1998, og er dermed den einaste fotballspelaren som har spelt i tre VM-finalar. I tida 1990-2006 spelte han 142 landskampar for Brasil, noko som er landskamprekord i Brasil. Han skåra fem mål på landslaget.
På klubbplan spelte Cafu for både São Paulo (1990-94), AS Roma (1997-2003) og AC Milan (2003-08). Med São Paulo vart han seriemesiter i 1992 og vann Copa Libertadores både i 1992 og 1993. I Roma var han delaktig då klubben vann Serie A i 2001, medan han tre år seinare vann same Serie A med Milan. Han spelte meisterligafinalen i 2005, då Milan tapte for Liverpool FC etter straffeskyting, men kom ikkje på bana då Milan vann meisterligafinalen 2007.
Cafu vert rekna som å ha vore ein av dei aller beste sidebackane i Serie A. Han var ein dynamisk og energetisk høgreback, særleg hugsa for å vere både snøgg og uthaldande, samt med gode både taktiske og tekniske evner.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cafu» frå , den 24. juli 2015.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Milan-spelarar Kategori:Roma-spelarar