Santamartatyrann (Myiotheretes pernix) er ein fugl i tyrannfamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring Santamartatyrannen er ein stor tyrann på ca. 21 centimeter. Han har ei fjørdrakt med kjedeleg brunleg overside og rustfarga underside. Brystområdet er olivenfarga med streker, strupen kvit med mørke streker. Han har ei kvit stripe frå den øvre nebbrota til oversiden av auget. Halen er svart.

Han lever i utkanten av eller inne i skog i små område på nordlege skråningar av Sierra Nevada de Santa Marta, 2100 til 2900 moh. Føda er insekt.

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 1000 og 2 500 individ og er trudd å vere minkande. Trugsmåla er styresmakta si sprøying av ugrasmiddel frå fly, utviding av jordbruksområde, skogfelling og nedbrenning av vegetasjon etterfølgt av planting av framande artar.BirdLife International (2015)

Kjelder Farnsworth, A. & Langham, G. (2004). Santa Marta Bush-Tyrant (Myiotheretes pernix) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. juli 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Myiotheretes pernix. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juli 2015 Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyrannfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Sierra Nevada de Santa Marta