mini|Detalj.

Château de Commercy, som lokalt vert kalla Château Stanislas, er eit slott i barokk stil i Commercy i departementet Meuse i Frankrike, påbyrja i 1708 og ferdigbygd i 1747. Arkitektar var Léopold Durand, Nicolas d'Orbay, Emmanuel Héré de Corny. Slottet vart i 1960 klassifisert som Monument historique, det vil seie at det er verna. Det er no nytta til offentlege kontor.

Eigarar gjennom tidene 1708–1723: Charles Henri de Lorraine-Vaudémont, prins av Vaudémont (1649–1723) 1723–1729: Léopold I av Lorraine, hertug i Lorraine og Bar (1679–1729) 1729–1737: François III, hertug i Lorraine og Bar (1708–1765) 1737–1744: Élisabeth Charlotte d'Orléans, hertuginne i Lorraine og Bar (1676–1744) 1744–1766: Stanislas Leszczyński (Stanisław Leszczyński), hertug i Lorraine og konge i Polen (1677–1766). Det lokale namnet på slottet, Château Stanislas, er etter han. 1766–1957: Den franske staten frå 1957: Commercy kommune

Bakgrunnsstoff

Om Château de Commercy i det franske kulturdepartementets database.

Kategori:Slott i Frankrike Kategori:Barokkslott i Frankrike