mini|Hovudbygninga sett frå borggarden mini|«Jarlsberg», illustrasjon av Joachim Frich frå Norge fremstillet i Tegninger frå 1848. På teikninga ser ein Jarlsberg hovudgard og Sem kyrkje midt i bilete. Jarlsberg er ein herregard og eit stamhus ved Tønsberg i Vestfold. Det vart opphavleg skipa som eit grevskap for Peder Schumacher Griffenfeld i 1673 under namnet Griffenfeldt Grevskab. Eigedomen er i bruk av familien Wedel Jarlsberg som har vore eigarar frå 1683.
Frå 1811 og framover bygde grev Johan Caspar Herman Wedel Jarlsberg ut slottet i empire slik det er i dag. Arkitekt var Jørgen Gerhard Løser. Det vart også bygd park. Bygningane er freda.
Rett inntil hovudbygninga ligg Sem kyrkje.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Gardar i Tønsberg Kategori:Herregardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Tønsberg Kategori:Freda bygg i Vestfold