Sonni Krag () var ein norsk forfattar, storviltjeger og utvandrar som er blitt kalla den norske Karen Blixen.
Krag, fødd Becker, vaks opp på vestkanten i Oslo. Ho reiste til Aust-Afrika i 1924 og gifte seg med William Krag, som dreiv kaffiplantasje. Med han fekk ho tre søner. Sonni Krag blei kjend i samtida både i Noreg og Kenya. Etter nasjonaliseringa av settler-eigedom i Kenya flytte ho med familien til Spania i 1962 der ho budde til ho døydde.
William og dikteren Vilhelm Krag var i slekt. Sonni Krag er bestemor til dagleg leiar i Dyrevernalliansen, Anton Krag.
Verk Blant løver og negre i Afrikas indre, 1931 Kjempeøglen i Victoriasjøen: Knut og Erik på eventyr i Afrika (barnebok), 1932 Ildgudens grube: Knut og Erik på gullgraverferd til Kongo (barnebok), 1933 Blant bare negre, 1938 Diamantsmuglerne (barnebok), 1948 Ei rekkje artiklar, dei fleste på trykk i Aftenposten.
Kjelder
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Utflytta nordmenn Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Nordmenn i Kenya