Indigokronekolibri (Saucerottia cyanifrons) er ein kolibri som lever i sentrale Colombia, innanfor Norte de Santander-departementet, Magdalena-dalen, og i øvre Valle del Cauca.
Skildring Indigokronekolibrien måler i gjennomsnitt 9,1 centimeter, inkludert nebbet på 18 mm. Oversida og heile framdelen av nebbet er svart, men raudt på underkjeven mot nebbrota. Hannen har ei krone som er lys indigo-blå som glir over i grønt på ryggen, og til kopar-bronse på overgumpen. Halen er mørk blå og litt kløfta. Brystet og buken er lys grøn og dei syner kvite duskar rundt beina. Hofuglane er mindre briljante.Hilty, Steven L. and William L. Brown (1986) A guide to the birds of Colombia: 273-274. Princeton University Press. ISBN 0-691-08371-1
Arten lever i habitat av skog, kratt og dyrka område mellom 400 og 2000 moh., men kan gå både høgare og lågare. Føda er nektar frå plantar som Eugenia i myrtefamilien, Hamelia i maurefamilien og epifyttar. Dei jagar òg insekt.Weller et al (1999)
Storleiken på populasjonen av indigokronekolibri er ikkje kjent, arten er skildra som ganske vanleg i utbreiingsområdet.BirdLife International (2023)
Kjelder Denne artikkelen bygger dels på «Amazilia cyanifrons» frå , den 21. juni 2015.
Weller, A.A., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2021). Indigo-capped Hummingbird (Saucerottia cyanifrons), version 1.1. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.inchum1.01.1 BirdLife International (2023) Species factsheet: Amazilia cyanifrons. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. august 2023 Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia Kategori:Kolibriar i Colombia