Chlorostilbon er ei biologisk slekt av kolibriar i familien Trochilidae. Slekta er ein del av ei større gruppe Trochilini («smaragdar»). Artane i denne slekta har rette nebb, dei fleste med svart nebb der glansbuksmaragd er eit unnatak med raudt nebb. Hannane er samla sett i iriserande grøn, gyldengrøn eller blågrøn fjørdrakt, og hos einskilde artar er halen og / eller halsen blå. Hoene har kvitaktig til grå underside, kvite fjørtuppar på halen og kvit post-okulær strek, strek bak auget.
Artslista Trochilini er nyleg (2023) revidert, og slekta Chlorostilbon, slik som lista i IOC World Bird List, har minka i talet på artar frå 16 til 10. Per 2023 er det lite samsvar mellom dei ulike listeautoritetane i synet på plassering av «smaragdar» i slektene.
Chlorostilbon i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Hagesmaragd, Chlorostilbon assimilis, Garden emerald, Lawrence, 1861, (LC) Svartnebbsmaragd, Chlorostilbon melanorhynchus, Western emerald, Gould, 1860 Raudnebbsmaragd, Chlorostilbon gibsoni, Red-billed emerald, (Fraser, 1840), (LC) Blåhalesmaragd, Chlorostilbon mellisugus, Blue-tailed emerald, (Linnaeus, 1758), (LC) Chiribiquetesmaragd, Chlorostilbon olivaresi, Chiribiquete emerald, Stiles, 1996, (LC) Glansbuksmaragd, Chlorostilbon lucidus, Glittering-bellied emerald, (Shaw, 1812), (LC) Koparsmaragd, Chlorostilbon russatus, Coppery emerald, (Salvin & Godman, 1881), (LC) Smalhalesmaragd, Chlorostilbon stenurus, Narrow-tailed emerald, (Cabanis & Heine, 1860), (LC) Grønhalesmaragd, Chlorostilbon alice, Green-tailed emerald, (Bourcier & Mulsant, 1848), (LC) Korthalesmaragd, Chlorostilbon poortmani, Short-tailed emerald, (Bourcier, 1843), (LC)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fugleslekter