Alice Tumler () er ein austerriksk programleiar. Tumler har austerriksk far av slovensk-italiensk avstamning og fransk mor frå Martinique i Karibia. Ho pratar flytande tysk, engelsk, fransk og italiensk, men meistrar òg spansk og portugisisk.

Eurovision Eurovision Song Contest 2015 På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Tumler presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Mirjam Weichselbraun, Arabella Kiesbauer og green room-programleiar Conchita Wurst. Saman med Weichselbraun, Kiesbauer, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.

Fotnotar

Kategori:Folk frå Innsbruck Kategori:Austerrikske programleiarar Kategori:Eurovision Song Contest 2015 Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar