Valdres vidaregåande skule er ein offentleg vidaregåande skule som ligg på Leira i Nord-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Skulen dekkjer vidaregåande utdanning i Valdres, har om lag 460 elevar og tilbyr eit relativt breitt utval studieretningar. Sidan avstandane i Valdres er store, bur mange av elevane på internat nært skulen.

Valdres vidaregåande skule hadde fram til 2001 to avdelingar, ei på Leira og ei i Fagernes. Etter at kommunen investerte i ein ny skulebygning på Leira, vart alle avdelingane samla på Leira.

Skulen driv òg Ung i Valdres som tilrettelegg for kultur- og fritidsaktivitetar.

Studietilbod Studiespesialisering Design og handverk Idrettsfag Bygg- og anleggsteknikk Restaurant- og matfag Elektrofag Helse og oppvekst Teknikk og industriell produksjon

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Nord-Aurdal kommune Kategori:Valdres Kategori:Vidaregåande skular i Innlandet