Osmarka kapell er frå 1910 og står i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal fylke. Bygget er i treverk og skal ha 110 sitjeplassar. Kapellet vart utvida med eit påbygg i 1983.Norsk kirkeleksikon, side 276
Iflg.Norsk kirkeleksikon har kapellet ei altartavle med motivet «Krossen» måla av Gustav Storli, ho er frå 1964. Preikestolen er i tre frå 1910 og laga av Kristoffer Eide. Døypefonten er og i tre og frå 1942.
Osmarka kapell ligg i Øre sokn i Indre Nordmøre prosti.
Kjelder
Kategori:Kyrkjer i Gjemnes Kategori:Kyrkjer i Indre Nordmøre prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1910-åra Kategori:1910 i Noreg Kategori:Trekyrkjer