Per Oscar Andersen () var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo, der faren dreiv eit boktrykkeri. Sjølv var han i alle sine aktive år medlem av Idrettsforeningen Ørnulf.

Andersen vann sju individuelle noregsmeisterskap på bane og seks i stafett i åra frå 1924 til 1928. Han vart tildelt kongepokalen under noregsmeisterskapen 1927 etter dobbeltsigeren på 100 meter og 200 meter. I begge løpa tangerte han meisterskapsrekordane.

Andersen tangerte den norske rekorden på 100 meter på 10,7 to gongar før han i 1927 senka den til 10,5 sekundar. Tida, som vart oppnådd i ein triangellandskamp mellom Danmark, Noreg og Sverige i København, var samstundes ny nordisk rekord. I same landskampen vann Andersen 400 m på 49,3 sekundar. 10,5 vart ståande som norsk rekord i elleve år før Erik Sjøvall forbetra den med eitt tidels sekund i 1938.

På 200 meter vart Andersen den fyrste nordmann under 22 sekundar då han 18. september 1926 flytta rekorden frå 22,1 til 21,6 sekundar. Året etter tangerte han 200 meter-rekorden, fyrst i 1939 senka Haakon Tranberg den norske rekorden til 21,5. Grunna sjukdom trekte Andersen seg tilbake i 1928, og tevla aldri sidan.

Medaljar i norske meisterskap 1924: Bronsemedaljar på 100 m (11,8) og 200 m (23,4) 1925: Bronsemedalje på 200 m - 23,4 1926: Gulllmedaljar på 100 m (10,9) og 200 m (22,2) 1927: Gulllmedaljar på 100 m (10,8) og 200 m (22,2) - Kongepokal

To gullmedaljar i lengde utan tilløpp og eitt gull i høgde utan tilløp.

Kjelder Raskest, høyest, lengst i 100 år. 1986 Denne artikkelen bygger på «Per Oscar Andersen» frå , den 16. mai 2015.

Kategori:Norske sprintarar Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Oslo