Iryna Jatsjanka () er ein kviterussisk tidlegare friidrettsutøvar frå Homel som tevla i diskoskasting for både Sovjetunionen og frå 1993 for Kviterussland. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2003.
Aktiv Gjennom 20 sesongar, 1990-2009, nådde Jatsjanka diskosfinalen i 15 internasjonale meisterskapar; europameisterskap, verdsmeisterskap og olympiske leikar. Ho vann si fyrste medalje då ho i 2000 under dei olympiske sommarleiane i Sydney slengde diskosen 65,20 m, noko som heldt til bronse.
Under VM i friidrett 2003 i Paris/Saint-Denis gjekk Jatsjanka sigrande ut av ein tett kamp om gullmedaljen, sterkt truga gjennom heile tevlinga av dei greske kvinnene Anastasia Kelesidou og Ekaterini Vongoli. Vinnarkastet målte 67,32 m, 18 cm over Kelesidou sitt bestekast, med Vongoli vel halvmeteren bakom Jatsjanka.
Den 31. juli 2004 forbetra Jatsjanka sin personlege rekord til 69,14 m i ei tevling i Minsk. Få veker seinare deltok ho i Sommar-OL 2004 i Aten. Med eit kast på 66,17 m kopierte ho plasseringa i forrige OL og vart tildelt ein ny bronsemedalje.
Jatsjanka la opp i 2010, nærare 45 år gammal.
Doping Den 5. desember 2012 vedtok IOK, etter nye testar av urinprøvene frå Sommar-OL 2004, å stryke Jatsjanka sitt resultat frå Aten-OL. Dermed mista ho bronsemedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Nr 5 – 65,16 m VM 1991 i Tokyo: Nr 7 – 64,92 m OL 1992 i Barcelona: Nr 7 – 63,74 m VM 1995 i Göteborg: Nr 9 – 60,48 m OL 1996 i Atlanta: Nr 12 – 60,46 m VM 1997 i Aten: Nr 5 – 62,58 m EM 1998 i Budapest: Nr 8 – 61,20 m VM 1999 i Sevilla: Nr 9 – 62,99 m OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje – 65,20 m VM 2001 i Edmonton: Nr 9 – 59,45 m VM i 2003 i Paris: Gullmedalje – 67,32 m, framom Anastasia Kelesidou (67,14 m) OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 66,17 m (annullert i 2012) EM 2006 i Göteborg: Nr 10 – 59,65 m VM 2007 i Osaka: Nr 10 – 62,63 m OL 2008 i Beijing: Nr 11 – 59,27 m VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa
Merknadar
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Iryna Jattschanka» frå , den 14. mai 2015. Denne artikkelen bygger på «Iryna Yatchenko» frå , den 14. mai 2015.
World Athletics
Kategori:Belarusiske diskoskastarar Kategori:Sovjetiske diskoskastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Belarus Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Dopingsaker i friidrett