Fabrizio Donato () er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar som i hovudsak tevla i tresteghopp, men også i lengdehopp. Han vart europameister i tresteghopp i 2012, og tok OL-bronse same sesongen. Donato har den italienske rekorden i tresteg både utandørs, 17,60 meter, og innandørs (17,73 m).
Aktiv I juni 2000 sette Donato italiensk rekord med 17,60 meter under eit stemne i Milano, han forbetra dermed Paolo Camossi sin gamle landsrekord med 31 cm. Om hausten same året deltok han i sine fyrste sommarleikar i Sydney, men var langt unna ein plass i finalen. Året etter vann han trestegtevlinga under Mellomhavsleikane med eit hopp på 17,05 m.
I 2002 vart Donato nummer fire under europameisterskapen med 17,15 meter, to cm bak hans årsbeste. Korkje under friidretts-VM 2003 eller OL 2004 nådde han finalen i spesialøvinga.
Han vann tresteg-tevlinga ved Europacupen i friidrett i 2006, med 16,99 meter. Men han klarte ikkje å kome mellom dei tolv EM-finalistane i Göteborg same sesongen. Han deltok både ved Sommar-OL 2008 og VM 2009, begge gongane utan å nå finalen. I 2009 vann han EM innandørs i Torino. Her hoppa han 17,59 meter, ny meisterskapsrekord, og slo toaren Viktor Jastrebov med 34 cm. Ved innandørs-EM 2011 i Paris hoppa Donato heile 17,73 meter, ny italiensk rekord. Med det hoppet sikra han seg sølvmedaljen, franske Teddy Tamgho sette ny innandørs verdsrekord med 17,92 m.
2012-sesongen vart ein jubelsesong for 36 år gamle Donato. Han vann eit suverent EM-gull i Helsingfors med eit vinnarhopp på 17,63, og fem veker seinare tok han i London bronsen i OL-tevlinga etter å ha landa på 17,48 m.
Donato har vunne 13 italienske mestertitlar i friidrett.
mini|Fabrizio Donato på Olympiastadion i Helsingfors i 2012, der han vann gullmedaljen i tresteghopp Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (16,34 m – nr 25) EM 2002 i München: Nr 4 – 17,15 m VM i 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (16,63 m -nr 13) OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (16,45 m -nr 21) EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (16,66 m -nr 16) VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (16,20 m -nr 32) OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (16,70 m – nr 21) VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (15,81 m -nr 41) EM 2010 i Barcelona: Nr 9 – 16,54 m VM 2011 i Daegu: Nr 10 – 16,77 m EM 2012 i Helsingfors: Gullmedalje – 17,63 m, framom Sheryf El-Sheryf (17,28 m) OL 2012 i London: Bronsemedalje – 17,48 m, bakom Will Claye (17,62 m) VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (16,53 m -nr 15) EM 2014 i Zürich: Nr 7 – 16,66 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (16,54 m=nr 17) EM 2018 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (16,15 m=nr 20)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fabrizio Donato» frå , den 10. mai 2015.
World Athletics
Kategori:Italienske lengdehopparar Kategori:Italienske tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016