Carl Fredrik Fearnley () var ein norsk astronom frå Fredrikshald. Målaren Thomas Fearnley var ein eldre bror.

Etter examen artium i 1837 tok Fearnley mineralogisk embetseksamen 1844, og vart same året observator og universitetsstipendiat med bustad i Christiania. I løpet av åra 1849-52 besøkte han dei fleste større observatoria i Europa. mini|venstre|Solprotuberans observert av Carl Frederik Fearnley i 1872-73.

Han vart i 1857 lektor og i 1863 professor i astronomi ved Det Kongelige Frederiks Universitet i den norske hovudstaden. Fram han døydde i 1890 var han styrar av Observatoriet til universitetet. Han observerte kometar, småplanetar og solformørkingar.

Fearnley sitt hovudarbeid er Zonenbeobachtungen der Sterne zwischen 64° 50' und 70° 10' nördlicher Declination, som han gav ut i 1888, saman med dåverande observator Hans Geelmuyden. Den gjeldande sona fekk det norske observatoriet tildelt som arbeidsområde i det internasjonale observasjonsprogrammet som Astronomische Gesellschaft sette opp i 1867. Elles forfatta Fearnley avhandlingar som vart trykt i Astronomische Nachrichten og Forhandlinger i Videnskabsselskabet i Kristiania.

Frå 1861 var Fearnley ansvarleg for den norske offisielle almanakken. I 1864 tok han initiativet til opprettinga av Meteorologisk institutt. Han deltok i 1865 saman med den svenske astronomen Georg Lindhagen og den danske astronomen Hans Schjellerup i meridianfastsettinga Kristiania-Stockholm-København.

Fearnley var frå 1876 formann i Kommissionen til ledelse af Norges deltagelse i den europæiske gradmåling.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carl Fredrik Fearnley» frå , den 4. mai 2015.

Kategori:Norske astronomar Kategori:Folk frå Halden Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Paus-familien Kategori:Fearnley-familien Kategori:Astronomar på 1800-talet