A Hard Road er det tredje albumet (og det andre studioalbumet) til John Mayall & the Bluesbreakers, gjeve ut i 1967. Medverkande på albumet er Peter Green på sologitar, John McVie på bass, Aynsley Dunbar på trommer og John Almond. Spor 5, 7 og 13 har med ei blåserekkje av Alan Skidmore og Ray Warleigh. Peter Green syng solovokal på «You Don't Love Me» og «The Same Way». Instrumentalen «The Supernatural» er ein gitarimprovisasjon i d-moll, som har mykje til felles med den seinare hitten til Peter Green, «Black Magic Woman».

Albumet nådde åttandeplassen på den britiske albumlista og var den tredje mest suksessrike til Mayall etter «Bare Wires» og «Bluesbreakers with Eric Clapton», som nådde høvesvis 3. og 6. plassen på albumlista.

Plateomslaget er laga av Mayall sjølv.

Innhald

Bonusspora er frå: 15 frå Raw Blues; 16-19 frå ein EP med P. Butterfield; 20-22 & 30-35 frå Looking back; 23-26 & 28-31 frå Thru the years; 27 frå B-sida til ein singel, 36 frå Laurel Canyon

Songane som ikkje tidlegare er gjevne ut er spor 25-28, som er frå BBC Sessions; 19-22 er frå EP with P. Butterfield; 17-18, 24 frå Thru the years; 15-16, 23 frå Looking Back

Medverkande Originalalbumet John Mayall – vokal, gitar, munnspel, piano, organ Peter Green – gitar, vokal John McVie – bass Hughie Flint, Aynsley Dunbar – trommer John Almond, Alan Skidmore – saksofonar Ray Warleigh – blåseinstrument

2003-utgåva Same som over, i tillegg til: Colin Allen – trommer Paul Butterfield – munnspel, vokal Mick Fleetwood – trommer Henry Lowther – trompet Nick Newell – saksofon

Produksjon Produsert av Mike Vernon Lydteknikar : Gus Dudgeon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Hard Road» frå , den 2. mai 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:John Mayall & the Bluesbreakers-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Album produserte av Mike Vernon Kategori:Deram Records-album Kategori:London Records-album Kategori:Engelskspråklege album