mini|Skjematisk framstilling av nukleinsyrene RNA og DNA. Nukleinsyrer er ein type polymerar som er biomolekyl, det vil seia at dei finst i organismar. Dei er makromolekyl som er spesialiserte til å lagra, overføra og bruke genetisk informasjon, og omfattar deoksyribonukleinsyre - DNA - og ribonukleinsyre - RNA.
Oppbygging
Ei nukleinsyre er bygd opp av nukleotidar som består av ein pentose, ein organisk base og ei fosfatgruppe. Ryggen på ei nukleinsyre består av ei binding mellom ei fosfatgruppe og neste pentose. Denne bindinga er ei fosfodiesterbinding, og denne skjer mellom det 5. karbonatomet i ein pentose og det 3. karbonatomet i neste pentose.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nukleinsyre» frå , den 29. april 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Organiske syrer Kategori:Genetikk