Armando Filiput () var ein italiensk friidrettsutøvar, fødd og død i Ronchi dei Legionari i provinsen Gorizia. Han vart europameister på 400 meter hekk i 1950.

Aktiv Filiput vart italiensk meister på langhekken i 1946 og perioden 1949-54. Han deltok i sin fyrste internasjonale meisterskap i Brussel i 1950, der han vann EM-gullet på 400 m hekk og fekk ein sølvmedalje med Italia sitt mannskap på 4 x 400 mstafett. På langhekken sette han italiensk rekord med 51,9 sekundar.

Under sommarleikane 1952 i Helsingfors vart Filiput sjette og sistemann i finalen på 400 m hekk, medan han i friidretts-EM 1954 i Bern vart utslått i semfinalane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1950 i Brussel: Gullmedalje – 51,9, framom Jurij Litujev (52,4) OL 1952 i Helsingfors: Nr 6 – 54,4 EM 1954 i Bern: Utslått i semifinalane (52,3 – nr 8)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Armando Filiput» frå , den 25. april 2015.

World Athletics

Kategori:Italienske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952