Åse og Aase er både førenamn og etternamn.

Dei er best kjende som kvinnenamn av norrønt opphav, kortformer av namn som byrjar på Ås- eller ei sideform av Åsa. Desse namna høyrer til den dansk-norske tradisjonen medan Åsa er meir brukt i svensk. Åse har namnedag 2. mai.

Etternamnet er ei dativform av ås.

Bruk Namna var blant dei ti mest brukte namna frå 1920-talet, og blei fram til 1940 gjeve til 1 % av alle jentebarn.

Det er nær 11 900 nordmenn som heiter Åse og 5 500 som heiter Aase. Som etternamn er Aase det mest brukte av dei to skrivemåtane, med rundt 2 400 namneberarar (SSB 2005).

Namnet i kulturen Mor Aase, mor til Peer Gynt, er truleg den mest kjende namneberaren i norsk kultur. Åse Gåsepike er namnet på ei heltinne i eit norsk folkeeventyr.

Kjende namneberarar Aase Hansen (1893-1981), dansk forfattar Aase Bye (1904-1991), norsk skodespelar Åse Gruda Skard (1905-1985), norsk barnepsykolog og kvinnesaksforkjempar Aase Foss Abrahamsen (f. 1930), norsk forfattar Åse-Marie Nesse (1934-2001), norsk forfattar Aase Olesen (f. 1934), dansk politikar og minister Åse Thoresen (1935-1987), norsk songar Aase D. Madsen (f. 1936), dansk politikar Åse Gunhild Woie Duesund (f. 1944), norsk politikar Åse Wisløff Nilssen (f. 1945), norsk stortingspolitikar Åse Klundelien (f. 1946), norsk stortingspolitikar Åse Kleveland (f. 1949), norsk-svensk artist og politikar Åse Lill Kimestad (f. 1955), norsk lokalpolitikar Åse Schmidt (f. 1960), norsk stortingspolitikar

Bakgrunnsstoff

Kjelder http://vikjavev.no/gardar/index.php?gardid=60

kategori:kvinnenamn kategori:norske slektsnamn kategori:førenamn av norrønt opphav kategori:namn knytte til åsatru kategori:namn knytte til gudar