Ein Carmel (hebraisk skrift עֵין כַּרְמֶל, tyder Karmelkjelda) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Atlit og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 417.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1947 av tidlegare innbyggjarar i Ein HaYam og Ramat Rachel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ein Carmel» frå , den 8. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1947 i Palestina Kategori:Busetnader i Haifa distrikt