Leif Helge Kongshaug () i Averøy) er ein norsk politikar (Venstre). Han var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 1997–2001 og igjen frå 2005 til 2009.
Kongshaug er utdanna lærar. Han sat i Averøy kommunestyre frå 1979 til 1997, 1986 til 1997 som ordførar. I 1997 vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat frå Møre og Romsdal. I 2001 mista han stortingsplassen, men vart statssekretær i Landbruksdepartementet i den andre Bondevik-regjeringa.
Under valkampen før stortingsvalet i 2005 vart Kongshaug ramma av ein alvorleg kreftsjukdom. Han vart igjen vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal, men tok ikkje opp plassen sin dei første månadene av stortingsperioden grunna sjukdomen. Gunn Berit Gjerde møtte som vara for han. Kongshaug fekk plass i Næringskomiteen på Stortinget.
Kjelder stortinget.no
Kongshaug, Leif Helge Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kongshaug, Leif Helge Kongshaug, Leif Helge Kategori:Ordførarar i Averøy Kategori:Venstreordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Statssekretærar frå Venstre