Colombiahokko, Ortalis columbiana, er ein hokko i slekta Ortalis. Han er ein av dei mest karismatiske artar som er endemiske til Colombia, der han held til skogane i nordlege, sentrale og vestlege delar av det søramerikanske landet, alltid vest for Andes.
Skildring Colombiahokko vart skildra i 1906 av den austerrikske ornitologen Carl Edward Hellmayr. I ein tidlegare periode var han klassifisert som ein underart av buskhokko, Ortalis guttata, men i lys av ulikskapar i vokalisering, morfologiske skilnader og biogeografiske omsyn, har han no blitt anerkjent som sjølvstendig art, i Clementslista frå 2011.Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011), Updates & Corrections: August 2011, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, ref til "Page 55, Speckled Chachalaca Ortalis guttata" Mellom anna er han langt større enn underartar av buskhokko og har andre fargetonar i fjørdrakta. Songen skil seg òg ved at Ortalis columbiana har ei 'forstaving' som buskhokko manglar: 'cha, chachalac'.
Kjenneteikn Denne hokkoen måler i gjennomsnitt 55 cm i lengd. Fjørdrakta har eit fargemønster med overside i gråbrunt med oliven tone; undersida er lysare, undergump brunraud. Bryst og nakke har skjelmønster med lyse fjørkantar, med lågaste buk i kvitt. Halen er brun, men har raudt på undersida. Beina er rosa, nebbet har blåleg fargetone.<del Hoyo et al (2014)
Fjørdrakta skil seg monaleg frå buskhokkoen, som har større berr skinnflekk i andletet, litt meir avgrensa område med skjelmønster og meir utprega brunt på oversida. Buskhokkoen er dessutan mindre i kroppsstorleik.
Distribusjon og habitat Colombiahokko er utbreidd på dei øvre skråningane av Cauca-dalen, nordlegaste utbreiing i sørlege Antioquia-departementet, og Magdalena-dalen frå Cundinamarca til Huila.
Dei attverande populasjonane er avgrensa til fragmenterte flekker av regnskog, skog og kratt i høgder mellom 100 og 2500 moh. Han er standfugl.
Føde Han lever hovudsakleg av frukt og frø, og bidrar til frøspreiing.
Reproduksjon Hekkevanane er dårleg kjente. Ein trur hekkinga skjer i februar.Stattersfield, A. J., Crosby, M. J., Long, A. J. & Wege, D. C. (1998). Endemic bird areas of the world. Priorities for biodiversity conservation. Birdlife Conservation Series No 7. The Burlington Press (Cambridge). 846 p. Dei byggjer reira sine på tregreiner, omgjeve av vegetasjon. Kullet kan vere på to egg.Delgado, M. E. (2010) Guacharaca Colombiana (Ortalis columbiana); Wiki Aves Colombia. (R. Johnston, Editor). Universidad ICESI. Cali. Colombia.
Vern Frå 1800-talet har habitatet for denne arten gjennomgått omfattande avskoging til landbruk, avskoginga har vore nesten totalt etter 1950 i midtre og øvre Magdalena og Cauca. Arten kan observerast i Forest Reserve Yotoco, som er skildra som «rikelegs» utbreidd i verneområde Caucadalen. Han har vernestatus livskraftig (LC) hos IUCN.BirdLife International (2013)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ortalis columbiana» frå , den 6. april 2015.
del Hoyo, J., Collar, N. & Christie, D.A. (2014). Colombian Chachalaca (Ortalis columbiana) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 6. april 2015 Acosta-Rojas, Diana Carolina, and Dalia C. Barragán-Barrera. 2014. Colombian Chachalaca (Ortalis columbiana), Neotropical Birds Online (T. S. Schulenberg, Editor). Ithaca: Cornell Lab of Ornithology; Henta den 6. april 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Ortalis columbiana . Henta frå http://www.birdlife.org den 6. april 2015
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hokkofamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia