Charles Watson Patchell () var ein britisk lærar og fjellklatrar som ofte ferierte i Noreg frå 1880-åra til 1939. Han var fyrstemann til topps på ei rad norske fjell, særleg i området som er kjent som Sunnmørsalpane.
Liv Patchell vaks opp i Drove End i Lincolnshire i England, der faren William var prest. 15 år gamal får han bestemannspris innan klassiske fag i The Derby School. Tre år på rad frå 1876 til 1878 fekk han prisen som beste innan religionskunnskap. Han fekk også pris for å vere best i engelskfaget (dikt).Patchell held fram med å gjere det bra ved Lincoln College i University of Oxford der han utdanna seg til lærar. Han vart med i den nystifta Lincoln College Boat Club (1880) og rodde blant anna inn til siger i par med studiekamerat James Matthews Buxton for Lincoln College i 1879.
Skulelærar og fjellklatrar Patchell vart fyrst tilsett ved Manchester Grammar School (1883–1884). Deretter var han ved Durham School (nær Oxford). I 1892 flytta han til Skotland. Då vart han tilsett ved Glenalmond College, der han fyrst underviste i språkfaga gresk, latin og engelsk. Den privateigde internatskulen ligg i regionen Perth and Kinross, og Patchell vart verande der heilt fram til han pensjonerte seg i 1923.
Ved semesterfri og feriar elles oppsøkte ungkaren Patchell område for å klatre. Haust, vinter og vår reiste han tidleg i klatrekarrieren til fjellområda av Lake District i England, der er han blant anna notert med fyrstebestigninga i 1896 av Doctor’s Chimney på Gable Crag. Den fyrste registreringa av at han oppsøker høgfjella er frå 1887. Då var han i Alpane. Året etter var han for fyrste gong i Noreg.
Bestigningar Sommaren 1888 møtte han den norske fjellføraren Johannes Vigdal på Eidsbugarden i Jotunheimen. Dei utvikla eit livslangt venskap der dei klatra saman og utforska norske fjell og isbrear.
Av dei større bragdene vert rekna då dei i 1895 gjennomførte direkte rute frå Bandet i Skagastølstindane til Søre Dyrhaugstind.
I 1896 tok dei seg forbi Halls hammer på Skagastølsryggen.
Patchell fekk høyre om Sunnmørsalpane i 1888 av ei norsk kvinne som truleg var Nikka Vonen. Etter dette frå 1990 var det til dette området han oftast la sine sommarturar. Han kom til området for fyrste gong i 1890 og gjekk han opp på Kvitegga 14. august. etter overnatting på hotell Norang på Fivelstadhaugen.
I 1892 var Hotel Union Øye eitt år gamalt, og han kunne ta inn der for fyrste gong. Fram til 1914 og utbrotet av fyrste verdskrigen, var han så å seie årleg innom dette hotellet på Øye. Der var han om han ikkje tok base på skysstasjonen og garden Kolås i Follestaddalen ved foten av Kolåstinden.
I tida frå 1894 til 1908 stod Patchell for 14 fyrstebestigningar på Sunnmøre. Han var blant anna på mini|Ved Øye er det ein minnebauta for Charles W. Patchell.
Romedalstinden Randers topp Mohns topp Ytstenestinden (Slingsbys topp) Blåtindane Jakta Risenosa Geithornet Brunstadhornet Smørskredtinden.
Etter at Patchell pensjonerte seg i 1923 flytta han sørover frå Skotland og tilbake til England. Etter dette reiste han årleg til Sunnmøre til og med sommaren 1939.
Han vart han som ein eigen institusjon på Øye i Hjørundfjord. Han kom kvar vår straks før 17. mai, oftast etter å hatt opphald ei veke fyrst hjå vener i Ålesund. På sjølve nasjonaldagen den 17. mai vart Patchelleikane avvikla der med premiar til born, og den tradisjonen vert halden i hevd den dag i dag. Eit eige fond vart oppretta til føremålet frå midten av 1930-talet.
Ved utbrotet av andre verdskrigen i september 1939 reiste han heim for siste gong. Han døde i 1943
Ein bautastein til minne om Patchell vart reist i 1948 ved Riksveg 655, lengst framme på garden Øye.
Patchellhytta i Sunnmørsalpane I 1927 vart den fyrste Patchellhytta bygd i fjelldalen Habbostaddalen. Oppført som ly til turgåarar og klatrarar, men også i eit håp om at den kunne vere til hjelp for den lokale ungdomen, til å lære å kjenne sine eigne fjell. Materialane vart frakta opp manuelt frå Stranda, for det meste av medlemmane til Stranda ungdomslag. Inventaret kom til som gåver frå privatpersonar – norske og engelske.
I gåvebrevet då hytta vart overført til Ålesund turistforening i 1934 var følgande oppført (og i dette eigarar av hytta): Charles Watson Patchell, Christian Francis Bennett, apotekar Christian Dedekam Øwre og handelsmann Rasmus Rønneberg saman med det som vart omtalt som ei rekkje oppsitjarar (grunneigarar) frå Norangsdalen.
Patchell fekk den fyrste hytta på ein heller upraktisk plass. Grunnen var fuktig og det fanst meir solrike plassar rett ved. Men for han var det her han ville vere, for ute på trappa kunne han på morgonen sjå rett mot toppen av Store Brekketinden. Med åra kom det forfall og i 1964 vart det sett opp ei ny i nærleiken som fekk namnet Patchellhytta. Seinare vart også den eldste Patchellhytta restaurert.
Ålesund-Sunnmøre Turistforeining driftar begge hyttene i dag.
Medlemskap Patchell var medlem av Alpine Club i London og av Scottish Mountaineering Club. I 1932 vart han utnemnd til medlem av Norsk Tindeklub, heidersmedlem i Ålesund-Sunnmøre Turistforeining var han frå 1935.
Kjelder
Jakob E. Øye: «C. W. Patchell» i Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 8 - 1986. «Charles Watson Patchell» i Sunnmøre: Fra Tare til tind. Årbok 2003 for Den Norske Turistforening. Alpine Club, London sitt medlemsregister
Kategori:Britiske fjellklatrarar Kategori:Skotske fjellklatrarar