Tom Kristiansen () er ein norsk tidlegare skihoppar frå Oslo som i mars 1980 vart den fyrste nordmannen som vann eit verdscuprenn i skihopping. Han var medlem av Årvoll Idrettslag.
Karriere Under noregsmeisterskapen i Marikollen i 1975 var Johan Sætre klart best, med Tom Kristiansen på ein rimeleg klar andreplass. Men dei neste sesongane gjorde Årvoll-hopparen lite av seg i hoppbakken.
Kristiansen overraska stort då han 10. mars 1980 i franske Saint Nizier vann eit hopprenn i verdscupen framfor austerrikaren Alois Lipburger, med sin eigen landsmann Tom Levorstad på tredjeplass. Det var den aller fyrste sigeren til ein nordmann i eit renn i verdscupen i skihopping, få månader etter turneringa var sett i gang.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1975: Sølvmedalje i normalbakken i Rælingen Ski-NM 1976: Nr 11 i normalbakken i Fåvang Ski-NM 1979: Nr 5 i storbakken i Bærum Ski-NM 1980: Nr 6 både i normalbakken i Asker og storbakken i Meldal
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Oslo