Ramot Naftali () er ein moshav i Øvre Galilea nord i Israel, nær grensa til Libanon. Han høyrer til Mevo'ot HaHermon regionale kommune.

Namnet kjem frå plasseringa i Naftalifjella, som opphavleg vart eigd av Naftali-stamma.

Historie

Samfunnet vart grunnlagd i 1945 av ei gruppe bønder kalla Bnei Peled, som vart send av det nasjonale byrået for å passe på landområdet og førebu det for jordbruk. Etter andre verdskrigen kom den første gruppa med tidlegare soldatar og busette seg der. Samfunnet vart bygd kring festninga Ramot Naftali, som i lag med festningane Biria og Hukok i 1945 var ein del av forsvaret til den britiske hæren nord i Israel i samarbeid med Jewish Agency.

Under den israelske sjølvstendekrigen var landsbyen under eld i lang tid, og var åstad for avgjerande kampar frå Libanon. Først etter Operasjon Hiram minka åtaka i regionen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ramot Naftali» frå , den 18. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Ramot Naftali

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1945 Kategori:1945 i Palestina