Full Moon Fever er det første soloalbumet til Tom Petty, sjølv om dei fleste medlemmane i bandet hans, the Heartbreakers, spelar på albumet, mest av alt Mike Campbell, i tillegg til Jeff Lynne, Roy Orbison og George Harrison frå Traveling Wilburys. Petty utforskar dei musikalske røtene sine med fleire hint av musikken til inspirasjonskjeldene sine. Songane er hovudsakleg skrivne av Petty og Lynne, som òg var produsent på albumet. Albumet vart ein stor suksess og nådde tredjeplassen på Billboard 200 og selde til 5× platina i USA og 6× platina i Canada.

Bakgrunn og innspeling Petty var nettopp ferdig med turneen etter albumet Let Me Up (I've Had Enough) då han valde å spele inn eit soloalbum utan the Heartbreakers (på liknande vis som Bruce Springsteen hadde gjort med The E Street Band på den tida). Dette skapte noko uro i the Heartbreakers, men alle utanom trommeslagaren Stan Lynch medverka på albumet. Mange av venene til Petty deltok på albumet, som heile Traveling Wilburys utanom Bob Dylan. Albumet vart spelt inn i ein avslappa atmosfære i garasjestudioet til Mike Campbell, og Petty har seinare sagt det var den kjekkaste innspelinga han har spelt på. Innspelinga av Full Moon Fever kring same tida som det første Wilburys-albumet. Eit par songar vart spelte inn som ikkje kom med på det endelege albumet, «Down the Line» og «Don't Treat Me Like A Stranger» var av desse, og dei vart gjevne ut som B-sider. «Traveling» og «Waiting for Tonight» vart gjevne ut på Playback, den færste med heile the Heartbreakers, inkludert Stan Lynch, og den siste med The Bangles. Under desse innspelingane skreiv Petty «Indiana Girl», ei tidleg utgåve av songen som vart «Mary Jane's Last Dance». The Heartbreakers spelte fleire av songane på konsertar, og Benmont Tench og Howie Epstein var ikkje nøgd med dette i starten. Stan Lynch hata det og slutta etter bandet kort tid etter, sa han følte han spelte i eit coverband.

Musikalsk stil og tema

Albumet er kraftig påverka av Jeff Lynne, noko som gav ein reinare og glattare versjon av rootsrocken til the Heartbreakers frå tidlegare album. Lynne nytta lag på lag med klaverinstrument og korvokal, og gav musikken ei Beatles-aktig kjensle. Petty syner inspirasjonskjeldene sine på songane med ein versjon av Byrds-songen «I'll Feel a Whole Lot Better» og med eit hint av Del Shannon i «Runnin' Down a Dream». Andre songar som «Free Fallin'» handlar om nostalgien til Petty i det han vart kjent musikar. «A Mind With a Heart of Its Own» nyttar ein Bo Diddley-rytme.

Utgjeving og mottaking

Albumet vart det kommersielle høgdepunktet til Petty i karrieren hans, godt hjelpt av gode meldingar og tre hitsinglar. Albumet kom ut 24. april 1989 og nådde tredjeplassen på Billboard 200 i USA og åttandeplassen i Storbritannia. Det vart gjeve ut fem singlar frå albumet. To av dei nådde topp 20 på Billboard Hot 100 og tre toppa Mainstream Rock-lista. Full Moon Fever selde til 5x platina i USA og 6x platina i Canada.

Albumet fekk generelt god kritikk. AllMusic meinte albumet var like bra som the Heartbreakers sitt Damn the Torpedoes. Meldinga seier at det ikkje finst dårlege songar på albumet og kalla det «eit lite meisterverk». Den originale meldinga i Rolling Stone samanlikna det med debutplata til Traveling Wilburys, Traveling Wilburys Vol. 1, og sa det hadde «den same rastlause sjarmen», men sa òg at Full Moon Fever stundom går litt i «forskjellige retningar». Ein seinare skribent i Rolling Stone kalla Full Moon Fever eit «meisterleg soloalbum». Albumet vart rangert på 92. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma i 1980-åra.

Innhald

Den originale, amerikanske CD-utgåva hadde eit løynd spor etter spor 6, der ein på LP- og kassettutgåva måtte snu sida for å halde fram. Sporet inneheld ein liten kort monolog frå Petty der han seier: «Hello, CD listeners. We've come to the point in this album where those listening on cassette, or record, will have to stand up, or sit down, and turn over the record, or tape. In fairness to those listeners, we'll now take a few seconds before we begin side two. [pause] Thank you. Here's side two.».

Medverkande Tom Petty – solo- og korvokal, 6- og 12-strengsgitar, klaverinstrument, tamburin Mike Campbell – sologitar, mandolin, bass, slidegitar, dobro, klaverinstrument Jeff Lynne – bass, elektrisk gitar, klaverinstrument, korvokal Phil Jones – trommer, perkusjon

Andre musikarar George Harrison – akustisk gitar og korvokal på «I Won't Back Down» Jim Keltner – trommer, maracas og tamburin på «Love Is a Long Road» Howie Epstein – korvokal on «I Won't Back Down» and «Love Is a Long Road» Benmont Tench – piano on «The Apartment Song» Roy Orbison – korvokal on «Zombie Zoo» Kelsey Campbell – korvokal on «Zombie Zoo» Alan Weidel, Jeff Lynne, Tom Petty – Handklapping på «I'll Feel a Whole Lot Better» Del Shannon – gårdsplasslydar på «Hello, CD listeners …» Ringo Starr – deltok ikkje på albumet, men er med i videoen til «I Won't Back Down» som trommeslagaren på songen.

Produksjons Produsert av Jeff Lynne med Tom Petty og Mike Campbell Lydteknikarar: Mike Campbell, Don Smith, Bill Bottrell og Dennis Kirk på «Love Is a Long Road» Assisterande lydteknikar: Alan «Bugs» Weidel Mastera av Steve Hall

Singlar ÅrSingelBillboardHot 100Mainstream Rock TracksModernRock TracksAdultContemporary 1989 «I Won't Back Down» 12 1 29 «Runnin' Down a Dream» 23 1 «Free Fallin'» 7 1 17 «Feel a Whole Lot Better» 18 «Love Is a Long Road» 7 1990 «A Face in the Crowd» 46 5 «Yer So Bad» 5

Lister

Vekesplassering Liste (1989) PlasseringAustralian ARIA Album Chart13Kanadiske Album Chart3Nederlandske Mega Album Chart62Tyske Media Control-lista41New Zealand5Norske VG-lista2Sverigetopplistan2UK Album Chart 8USA Billboard 2003

Årslister Liste (1989) PlasseringKanadiske Album Chart7U.S. Billboard 20019 Liste (1990) PlasseringKanadiske Album Chart52U.S. Billboard 20022

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Full Moon Fever» frå , den 14. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Tom Petty-album Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Album produserte av Jeff Lynne Kategori:MCA Records-album 298