Bustan HaGalil ( eller בוסתן הגליל tyder Frukthagen i Galilea) er ein moshav i Vest-Galilea nord i Israel, nær Akko. Han høyrer til Mateh Asher regionale kommune og vart grunnlagd i 1948 av Holocaust-overlevande frå Romania. Namnet er symbolsk og syner til frukthagane i området. mini|venstre|Bustan HaGalil

Bustan HaGalil ligg på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Al-Manshiyya, som låg nord for landsbyen.Khalidi, 1992, "All That Remains," p. 23

Etter den arabisk-israelske krigen 1948 kom innbyggjarar frå moshaven Beit Yosef og slo seg saman med dei. I 2005 hadde han eit folketal på kring 450. I moshaven ligg Sydney Smith-brakkene, der St. Jean d'Acre-våpenkvilen, som enda det syrisk-libanesiske felttoget under andre verdskrigen i 1941, vart signert.Time Magazine in partnership with CNN, "Acre Pact ", 21 July 1941

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bustan HaGalil» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bustan HaGalil on the website of the Authority for Development of the Galilea

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:1948 i Israel