Eilon () er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg 1,5 km sør for den libanesiske grensa og 10 km aust for kysten av Middelhavet, på ein rygg mellom dei to elvane Nahal Betzet og Nahal Kziv, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på kring 943.

Etymologi Namnet Eilon kjem frå Elah (terebint) og Alon (eik), to treartar som det veks mykje av i denne delen av Israel.

Historie mini|venstre|Eilon kring 1940.

Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til Khirbet Samak, kjøpt i 1938 av Jewish National Fund.More Derech trip report Han vart grunnlagd det året av ei gruppe polske immigrantar og palestinske jødar. Innbyggjarane vart stadig angripen etter arabaropprøret i Palestina 1936-1939. Eilon var ein av dei første tårn- og palisade-busetjingane. Det vart roleg i Galilea etter dei libanesiske soldatane Kaukji-bandane vart drivne bort i november 1948.

I 1947 hadde kibbutzen 350 innbyggjarar. Kibbutzen høyrte i starten til Hashomer Hatzair.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eilon» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1938 Kategori:1938 i Palestina Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Polsk diaspora i Israel