Thomas Earl «Tom» Petty () var ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, multi-instrumentalist og plateprodusent. Han er mest kjend som frontmann i Tom Petty and the Heartbreakers og som medlem i supergruppa Traveling Wilburys (under pseudonyma Charlie T. Wilbury jr. og Muddy Wilbury) og Mudcrutch.
Han har spelt inn mange hitsinglar med the Heartbreakers og som soloartist. Musikken hans har blitt klassifisert som rock and roll, heartland rock og til og med stoner rock. Musikken hans, og særleg hittane, har blitt populære hos yngre generasjonar og han spelar framleis utselde konsertar. Gjennom karrieren har Petty seld meir enn 80 millionar plater og er derfor ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene. I 2002 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Biografi
Tidleg liv Petty vart fødd og voks opp i Gainesville i Florida og gjekk på Gainesville High School. Interessa for rock and roll byrja då han var 10 år gammal og møtte Elvis Presley. Sommaren 1961 arbeidde onkelen hans på settet til Presley-filmen Follow That Dream i nærleiken av Ocala i Florida, og inviterte Petty med seg for å sjå på innspelinga. Han vart umiddelbart fan av Elvis Presley, og då han kom heim same laurdagen, møtte han venen Keith Harben, og han byta bort Wham-O-spretterten sin mot ei samling Elvis-album.
I eit intervju i 2006 på National Public Radio-programmet Fresh Air sa Petty at han visste at han ville spele i eit band så snart han såg the Beatles på The Ed Sullivan Show. «Augneblinken eg såg The Beatles på The Ed Sullivan Show -- og det same gjeld tusenvis av karar -- var det ingen veg attende. Det var måten å gjere det på. Du får tak i venene dine og de er dykk sjølv nok. Og de lagar musikk. Og det såg så moro ut. Det var noko eg identifiserte meg med. Eg har aldri likt å drive med idrett ... eg hadde vore stor fan av Elvis. Men det eg såg i The Beatles var at her er noko eg kan gjere. Eg visste eg kunne gjere det. Det tok ikkje lang tid før det dukka opp grupper i garasjar over alt.»Crandall, Bill. 10 Musicans who saw the Beatles standing there. CBS News, 6. februar 2014.
Ein av dei første gitarlærarane hans var Don Felder, som òg budde i Gainesville, og som seinare spelte i Eagles.Felder, Don (2008). Heaven and Hell: My Life in the Eagles. Wiley. ISBN 978-0-470-28906-8. p. 28 Som ung mann arbeidde Petty ei kort stund på University of Florida, men gjekk aldri der som student. Ei lind han skal ha planta medan arbeidde der vert i dag kalla Tom Petty-treet, sjølv om Petty ikkje hugsar at han planta noko tre. Han arbeidde òg ei kort stund som gravar.
Petty hadde eit vanskeleg forhold til faren, som hadde vanskar med å akseptere at sonen var «ein godmodig gut som var interessert i kultur» utsette han ofte for verbal og fysisk mishandling. Petty hadde eit særs tett forhold til mora, og har framleis eit nært forhold til broren Bruce.DeYoung, Bill. «Full Steam Ahead» Goldmine 13. juli 1990Zollo, Paul. Conversations With Tom Petty (2005): 8-15Runnin' Down a Dream (2007), documentary by Peter Bogdanovich.
1976–87: Tom Petty and the Heartbreakers
Kort tid etter Petty byrja å spele musikk, starta han bandet the Epics, som seinare utvikla seg til Mudcrutch. Sjølv om bandet, med dei framtidige Heartbreakers-medlemmane Mike Campbell og Benmont Tench, var populære i Gainesville, slo dei ikkje gjennom for eit større publikum. Den einaste singelen deira, «Depot Street», vart verande populær blant fansen. Med i det originale Mudcrutch var gitaristen Danny Roberts, som seinare vart erstatta av bassisten Charlie Souza.
Etter Mudcrutch vart oppløyst, gjekk Petty motvillig med på å starte ein solokarriere. Tench valde å starte si eiga gruppe, og Petty likte stilen deira. Etter kvart samarbeidde Petty og Campbell med Tench og bandmedlemmane Ron Blair og Stan Lynch, og dette vart den første besetninga i the Heartbreakers. Debutalbumet deira gav dei lite popularitet hos det amerikanske publikummet, men gjorde det bra i Storbritannia. Singelen «Breakdown» vart gjeve ut på nytt i 1977 og nådde 40. plassen tidleg i 1978 etter at bandet hadde turnert i Storbritannia som oppvarmingsband for Nils Lofgren. Debutalbumet vart gjeve ut av Shelter Records, som på den tida vart distribuert av ABC Records.
Det andre albumet deira, You're Gonna Get It!, vart det første albumet deira som nådde topp 40 på albumlista i USA og inneheldt singlane «I Need to Know» og «Listen To Her Heart». Det tredje albumet deira, Damn the Torpedoes, selde raskt til platina og selde nesten to millionar eksemplar. Det inneheld gjennombrotssinglane deira «Don't Do Me Like That», «Here Comes My Girl» og «Refugee».
I september 1979 spelte Tom Petty and the Heartbreakers på ein Musicians United for Safe Energy-konsert i Madison Square Garden i New York. Utgåva deira av «Cry To Me» vart gjeve ut på albumet No Nukes.
I 1981 kom Hard Promises som nådde topp 10 i USA og selde til platina. Det inneheldt singelen «The Waiting». Albumet inneheld òg den første duetten til Petty, «Insider» med Stevie Nicks.
Bassisten Ron Blair slutta i gruppa og vart erstatta for det femte albumet i 1982, Long After Dark, av Howie Epstein. Denne besetninga varte fram til 1994. I 1985 spelte bandet på Live Aid, og spelte fire songar i Philadelphia på John F. Kennedy Stadium. Southern Accents kom ut i 1985. ALbumet inneheld hitsingelen «Don't Come Around Here No More», som vart produsert av Dave Stewart. I videoen til songen var Petty kledd som the Mad Hatter, og plaga og følgde etter Alice frå boka Alice i Eventyrland, og kuttar og et ho som om ho var ei kake. Konsertopptak frå den påfølgjande turneen vart til konsertalbumet Pack Up the Plantation: Live! og ein invtasjon frå Bob Dylan. Tom Petty & the Heartbreakers spelte med Dylan på True Confessions-turneen hans, og heldt òg nokre konsertar i lag med Grateful Dead i 1986 og 1987. I 1987 gav gruppa ut Let Me Up (I've Had Enough) som inneheld «Jammin' Me» som Petty skreiv i lag med Dylan.
1988–91: Traveling Wilburys og solokarriere
I 1988 var Petty med på å starte Traveling Wilburys, i lag med Bob Dylan, George Harrison, Roy Orbison og Jeff Lynne. Den første songen til bandet, «Handle With Care», var meint som B-sida til ein av singlane til Harrison, men vart rekna som så god at gruppa valde å spele inn eit heilt album, Traveling Wilburys Vol. 1. Eit andre Wilburys-album, misvisande kalla Traveling Wilburys Vol. 3 og spelt inn utan den avdøde Orbison, kom i 1990. At albumet vart kalla Vol. 3 kom av at ei rekkje piratkopierte studioinnspelingar vart seld som Travelling Wilburys Vol. 2. I nyare år har Petty byrja å spele Travelling Wilburys-songar på konsertane sine, og spelte ofte «Handle With Care» på konsertane i 2003–2006, og i 2008 var «End of the Line» fast på konsertane hans.
I 1989 gav Petty ut Full Moon Fever, med hittane «I Won't Back Down», «Free Fallin'» og «Runnin' Down a Dream». Det vart marknadsført som eit soloalbum, men fleire av musikarane frå Heartbreakers, i tillegg til andre kjende musikarar deltok på albumet. Mike Campbell medproduserte albumet med Petty og Jeff Lynne frå Electric Light Orchestra, og med som musikarar var Campbell, Lynne, og Wilburys-medlemmane Roy Orbison og George Harrison (Ringo Starr er med på trommer i videoen til «I Won't Back Down», men det er Phil Jones som i røynda speler trommer). Sidan alle dei originale Traveling Wilburys-medlemmane, utanom Bob Dylan, er med på albumet, vert det stundom rekna som eit uoffisielt Traveling Wilbury's «Volume Two».
Petty & the Heartbreakers kom saman att i 1991 og gav ut Into the Great Wide Open, som var medprodusert av Lynne og inneheld hitsinglane «Learning To Fly» og «Into The Great Wide Open», sistnemnde med Johnny Depp, Gabrielle Anwar, Faye Dunaway og Matt LeBlanc i musikkvideoen.
Før dei gav seg for MCA Records, kom Tom and the Heartbreakers saman og spelte inn to nye songar for Greatest Hits. «Mary Jane's Last Dance» og Thunderclap Newman sin «Something in the Air». Dette var den siste innspelinga til Stan Lynch med The Heartbreakers. Petty sa seinare: «Han drog rett etter innspelinga utan å eigentleg sei farvel.» Albumet selde over ti millionar eksemplar, som kvalifiserer til diamantplate.
1991 til i dag: Warner Bros. Records I 1989, medan han framleis hadde kontrakt med MCA, signerte Petty i løyndom ein lukrativ avtale med Warner Bros. Records, der Traveling Wilburys hadde kontrakt.Philips, Chuck. «Petty's Secret Deal Isn't for Petty Cash» Los Angeles Times 5. april 1992: 58. Det første albumet hans for det nye selskapet var Wildflowers i 1994 og inneheldt singlane «You Don't Know How It Feels», «You Wreck Me», «It's Good to Be King» og «A Higher Place». Albumet, som var produsert av Rick Rubin, selde over tre millionar eksemplar i USA.
I 1996 gav Petty og the Heartbreakers ut filmmusikken til filmen She's the One, med Cameron Diaz og Jennifer Aniston i rollene (sjå Songs and Music from «She's the One»). Singlar frå albumet var «Walls (Circus)» (med Lindsey Buckingham), «Climb that Hill» og ein song skriven av Lucinda Williams, «Change the Locks». Albumet inneheld òg ein versjon av «Asshole», ein song av Beck. Same året akkompagnerte bandet Johnny Cash på Unchained (som hadde arbeidstittelen «Petty Cash»). For dette albumet vann Cash Grammy-prisen for beste countryalbum. Cash spelte seinare Petty-songen «I Won't Back Down» på American III: Solitary Man.
mini|venstre|Tom Petty and the Heartbreakers i Indianapolis, 23. juni 2006. I 1999 gav Tom Petty & the Heartbreakers ut det siste albumet deira med Rubin ved spakane, Echo. To songar vart gjevne ut som singalr i USA, «Room at the Top» og «Free Girl Now». Albumet nådde 10. plassen på den amerikanske albumlista.
Tom Petty & the Heartbreakers spelte «I Won't Back Down» på America: A Tribute to Heroes-konserten til minne om offera etter terroråtaka 11. september 2001. Året etter spelte dei «Taxman», «I Need You» og «Handle With Care» (med Jeff Lynne, Dhani Harrison og Jim Keltner på den siste) på Concert for George, ein minnekonsert for George Harrison.
I 2002 kom The Last DJ som inneheldt fleire åtak på musikkindustrien, og kritiserte dei for å vere grådig, vatne ut musikken og gje ut popmusikk med lettkledde unge kvinner. Albumet nådde niandeplassen i USA. Petty kommenterte at han ikkje likte å bli kalla «bitter» av media og at The Last DJ er fullt av håp om ein ser etter.
I 2005 fekk Petty sitt eige radioshow, «Buried Treasure» på XM Radio, der han spelte utval frå den personlege platesamlinga si.
I februar 2006 gjekk Tom Petty and The Heartbreakers med på å toppe den femte årlege Bonnaroo Music and Arts Festival. Etter dette vart det annonsert ein 30-årsjubileumsturné. Gjesteartistar var Stevie Nicks, Pearl Jam, the Allman Brothers, Trey Anastasio, The Derek Trucks Band og the Black Crowes. Stevie Nicks kom inn for «Stop Draggin' My Heart Around» og «Insider,» og «I Need to Know» der Nicks song solo. Eddie Vedder frå Pearl Jam song òg med Tom and the Heartbreakers på scenen på somme konsertar, der Vedder song solo på «The Waiting» (som finst på Runnin' Down a Dream som bonusmateriale) og eit vers på avslutningssongen «American Girl».
I juli 2006 gav Petty ut soloalbumet Highway Companion, med hitten «Saving Grace». Albumet debuterte på fjerdeplassen på Billboard 200, og vart den høgaste plasseringa til Petty sidan 1991.
Sommaren 2007 slo Petty seg saman med dei gamle bandkollegaene sine Tom Leadon og Randall Marsh, i tillegg til Benmont Tench & Mike Campbell for å starte opp att Mudcrutch. Bandet hadde først starta opp i 1967 i Gainesville i Florida før dei flytta til California, der dei gav ut ein singel i 1974 og så vart oppløyst. Kvintetten spelte inn eit nytt album med fjorten songar som kom ut 29. april 2008. Bandet heldt ein kort turn€ i California våren 2008.