mini|Kart over Marquesasøyane

Marquesasøyane er ei gruppe vulkanøyar i Stillehavet. Dei høyrer til Fransk Polynesia, eit fransk oversjøisk territorium.

I 2007 budde det 8 632 personar på den 1049 km² store øygruppa, fordelt på 15 øyar. Nuku Hiva er øya med flest innbyggjarar (2 260 personar).

Historie Marquesasøyane blei først folkesett av polynesiarar ca. 100 år f.Kr. Dei kom truleg frå Samoa.

Øyane fekk namn etter den spanske utforskaren Álvaro de Mendaña de Neira, som kom til dei den 21. juli 1595. I 1842 gjennomførte Frankrike ein militæroperasjon der dei gjorde krav på alle øyane. Dei blei seinare ein del av Fransk Polynesia.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marquesasøyene» frå , den 6. mars 2015.

Kategori:Fransk Polynesia Kategori:Øygrupper i Stillehavet