Svetlana Vjatsjeslavovna Paramygina () er ein tidlegare skiskyttar frå Sverdlovsk i dåverande Sovjetunionen, og som tevla for Sovjetunionen til 1992, frå då representerte ho Kviterussland. Ho vann gullmedaljar for Sovjetunionen i lagtevlingane under VM 1990 og 1991. I 1994 vann ho verdscupen i skiskyting.
Aktiv Paramygina deltok i VM i skiskyting 1990 i Minsk, der ho var med på å vinne lagtevlinga. Året etter kopierte ho VM-triumfen i lag i finske Lahti. Ho vann si fyrste individuelle medalje då ho gjekk inn til bronse 15 km i VM 1993 i bulgarske Borovets.
Under dei olympiske vinterleikane 1994 på Lillehammer vart Paramygina nummer fire på 15 km og kapra så sølvmedaljen på 7,5 km, vel sekundet bakom vinnaren Myriam Bédard frå Canada, og berre eit tidels sekund føre bronsevinnaren. Gjennom OL-sesongen 1994 viste Paramygina seg som den jamnaste utøvaren av kvinnene og vann såleis verdscupen i skiskyting.
Etter ein fjerdeplass i 1995 og ein femteplass året etter på 15 km i VM-løypene, klarte Paramygina ikkje å nå heilt opp i verdstoppen den neste sesongane. Ho la skiskytarutsyret på hylla i 2001.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sovjetiske skiskyttarar Kategori:Belarusiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Belarus Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Belarusiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Belarusiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1990 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1991 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1993 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1994 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Folk frå Jekaterinburg