«Go Go Go (Down the Line)» (ofte berre kalla «Down the Line») er ein song av Roy Orbison, gjeve ut i 1956. Dette var den første songen Orbison skreiv.Austin City Limits - Roy Orbison 1982 performance Bakgrunn Songen vart gjeven ut som ein singel på Sun Records i mai 1956, Sun 242, Matrix # U-193, som B-sida til «Ooby Dooby» med gruppa til Orbison the Teen Kings.Sun Records Diskografi.The Roy Orbison Sun collection. Dette var den første utgjevinga til Orbison på Sun Records.

Songen vart òg gjeven ut under tittelen «Down the Line». Sam Phillips, eigaren og grunnleggaren av Sun Records, kjøpte songane til Orbison og sette seg sjølv opp som låtskrivar, for å få inntektene for songen, sjølv om et var Orbison som faktisk skreiv songen.

Andre versjonar Songen er blitt spelt av fleire andre artistar som Mickey Gilley i 1964, The Hollies i 1965, Cliff Richard og The Drifters i 1959, og Billy Fury.Second Hand Songs: Down the Line. Ricky Nelson spelte inn ein versjon av songen i 1958 for albumet Ricky Nelson. Ein versjon av Johnny Cash finst på Unearthed.

Jerry Lee Lewis gav ut songen som singel på Sun i februar 1958 i lag med «Breathless».The Jerry Lee Lewis Sun collection.

Orbison spelte songen på konserten Roy Orbison and Friends, A Black and White Night i 1988 med mange kjende gjestemusikarar, som Bruce Springsteen, Elvis Costello, James Burton og T Bone Burnett. Songen vart òg gjeven ut på konsertalbumet A Black & White Night Live i 1989.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Go Go Go (Down the Line)» frå , den 1. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Songar skrivne av Roy Orbison Kategori:Roy Orbison-songar Kategori:Buddy Holly-songar Kategori:The Hollies-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Ricky Nelson-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Songar produserte av Sam Phillips Kategori:Rockabilly-songar Kategori:Sun Records-singlar