Pinje (Pinus pinea) er eit bartre i furufamilien. Det veks vilt i dei vestlige delane av middelhavsområdet. Pinje er særleg utbreidd i Spania og Italia, der det finst store pinjeskogar. Treet finst også planta i alle middelhavslanda.

mini|venstre|Pinjeskog i Andalucia. Fullvaksen pinje har ein høg, greinlaus stamme og ei karakteristisk paraplyforma krone. Treet har store konglar med 2 cm lange, litt kantete frø som har beinhardt, raudaktig skal. Dei kan etast som pinjekjernar.

Kjelder

«Pinje» (30. desember 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Furuslekta Kategori:Plantar i middelhavsområdet Kategori:Plantar i Italia Kategori:Plantar i Spania