Sepphoris (gammalgresk Σέπφωρις), òg kalla Tzippori (hebraisk צִפּוֹרִי), Diokesaraea (gammalgresk Διοκαισάρεια) og Saffuriya (arabisk صفورية, Safurriya og Suffurriye) er ein landsby og ein arkeologisk stad som ligg sentralt i Galilea i Israel, 6 km nord-nordvest for Nasaret. Han ligg 286 meter over havet og ligg oppom Beit Netofa-dalen. Staden har ei rik historie med spor frå hellenistisk, jødisk, romersk, bysantinsk, islamsk, krosstog, arabisk og osmansk tid. I kristen tradisjon er det trudd å vere fødestaden til Jomfru Maria, og landsbyen der heilage Anna og Joakim ofte vert sagt å ha budd. s. 396-7 mini|venstre|Kvinnebilde frå eit mosaikkgolv i Sepphoris, ofte omtalt som «Mona Lisa frå Galilea».
Av kjende bygg på staden finn ein eit romersk teater, to tidlege kristne kyrkjer, ei krossfararborg som vart renovert av Daher el-Omar på 1700-talet, og over seksti forskjellige mosaikkar, datert frå 200- til 500-talet evt.Zeev Weiss, 'The Mosaic of the Nile Festival Building at Sepphoris and the legacy of the Antiochene Tradition,' in Katrin Kogman-Appel, Mati Meyer,(eds.) Between Jewism and Christianity: Art Historical Essays in Honor of Elisheva (Elizabeth) Revel-Neher, BRILL, 2009 s.9-24, s.10.
Etter Bar Kokhba-opprøret i 132–135, var Sepphoris eit av sentera i Galilea der rabbinarfamiliane frå Judea flytta til.Stuart S. Miller,Studies i Historie and Traditions of Sepphoris, BRILL 1984 s.132. Det er avdekt ruinar av ei synagoge frå 500-talet i dei nedre delane av staden. På 600-talet vart byen erobra av arabiske kalifat, i lag med resten av Palestina. Dei arabiske og islamske imperia styrte området fram til slutten av første verdskrigen, utanom eit kort avbrot under krosstoga.
Fram til avfolkinga under den arabisk-israelske krigen i 1948, Saffuriya var ein palestinsk arabisk landsby. Moshav Tzippori vart grunnlagd nær staden i 1949. Han er underlagt Jezreeldalen regionale kommune og hadde i 2006 eit folketal på 616. Landsbyen ligg der den tidlegare arabiske landsbyen låg og vart erklært ein nasjonalpark i 1992
Historie
Tidleg historie Keramikkfunn i Sepphoris indikerer at staden var busett så tidleg som jernalderen, 1 000-586 fvt.. Dei eldste spora etter bygningar på staden er frå 300-talet i hellenistisk tid.Alysia Fischer, Hot Pursuit: Integrating Anthropology in Search of Ancient Glass-blowers, Lexington Books 2008, s.40. Bibelen nemner ikkje byen.Richard R. Losch, The Uttermost Part of the Earth: A Guide to Places in the Bible, William B. Eerdmans, 2005 s.ix, 209. I 104 fvt. erobra det judeiske dynastiet til hashmonane Galilea leia av anten Aleksander Jannaeus eller Aristobulus I og på denne tida kan byen ha blitt styrt av ein kvartermeister, truleg jødisk, og midt på det første hundreåret fvt., etter felttoga til Pompeius, kom det under romersk styre i 63 fvt. og vart ein av fem synodar i det romersk styrte syrisk-palestinske Midtausten. Den romerske vasallkongen Herodes den store erobra byen i 37 fvt. etter at ein partiansk fullmektig, den hashmoneiske Antigonus II Mattathias, hadde sett inn ein garnison der.Eric M. Meyers,'Sepphoris on the Eve of the Great Revolt (67-68 C.E.): Archeology and Josephus,' in Eric M. Meyers,Galilee Through the Centuries: Confluence of Cultures, Eisenbrauns, 1999 s.109ff., s.113-114.(Josefus, Antiquities of the Jews, 14.414-6). Byen vart kalla Sepphoris frå ordet tzippori, ein variant av det hebraiske ordet for fugl, tsippor, kanskje fordi han står «på toppen av eit fjell, som ein fugl».Ariel Lewin, The Archeology of Ancient Judea and Palestine, Getty Publications, 2005 s.80.Steve Mason (ed.) Flavius Josefus: Translation and Commentary. Judean war. Vol. 1B. 2,BRILL 2008 s.1. Cf. Bavli, Megillah, 6, 81. mini|Det gamle Galilea Etter Herodes døydde i 4 fvt., skal ein Judas, son av ein lokal banditt, Ezekias, ha angripe Sepphoris, som då var det administrative senteret i Galilea, og plyndra skattkammeret og våpena deira. Han væpna så følgjarane sine i eit opprør mot styret til Herodes. Den romerske guvernøren i Syria, Varus skal i følgje Josefus - kanske i ei overdriving, sidan ein har ikkje funne arkeologiske funn som stadfestar dette - ha brend ned byen og seld innbyggjarane som slavar.Eric M. Meyers,'Sepphoris on the Eve of the Great Revolt (67-68 C.E.): Archeology and Josefus,' in Eric M. Meyers,Galilee Through the Centuries: Confluence of Cultures, Eisenbrauns, 1999 s.109ff., s.114:(Josefus, Ant. 17.271-87; War 2.56-69). Etter sonen til Herodes, Herodes Antipas vart tetrark, eller guvernør, og erklærte at det nye namnet på byen var Autocratoris, og bygde han om som eit «Ornament for Galilea» (Josefus, Ant. 18.27).Steve Mason (ed.) Flavius Josefus: Translation and Commentary. Judean war. Vol. 1B. 2,BRILL 2008 s.138. Ein trur at ein gammal veg mellom Sepphoris og Legio, og vidare sørover til Samaria-Sebastia, vart brulagt av romarane på denne tidaRichardson, 1996, s. 133. Den nye folkesetnaden var lojale til Roma.
På Jesus si tid var Sepphoris ein stor, romerskpåverka by. Reza Aslan skildrar han på Jesus si tid som følgjande: Rik, kosmopolitisk, djupt påverka av gresk kultur, med folk av mange rasar og religionar. Jødane i Sepphoris var produktet var den herodiske samfunnsrevolusjonen - dei nyrike som steig til makta etter Herodes massakrerte det gamle prestelege aristokratiet.ZEALOT: The Life and Times of Jesus of Nazarerth, HarperCollins Publishers 2014 s.44. Det er foreslått at Jesus, medan han budde i Nasaret, kan ha arbeidd som handverkar i Sepphoris,Craig A. Evans (ed.), The Routledge Encyclopedia of the Historical Jesus, Routledge (2010),2014 s.37 296. der det i ungdomen hans gjekk føre seg 'det største restaurasjonsprosjektet' på hans tid.Reza Aslan, ZEALOT: The Life and Times of Jesus of Nazarerth, s.43. Arkeologiske undersøkingar av staden har ført til mange debattar om korleis denne byen kan ha påverka Jesus, og kasta lys over skilnader i det galileiske samfunnet.
Innbyggjarane i Sepphoris var ikkje med i det store jødiske opprøret mot det romerske styret i 66 evt. Den romersk legaten i Syria, Cestius Gallus, tok livet av kring 2 000 «røvarar og opprørar» i området, og selde innbyggjarane som slavar.Shaye J. D. Cohen,Josefus in Galilea and Rome: His Vita and Development As a Historian, BRILL, 2002 s.195. Josefus, ein son av presteeliten i Jerusalem, vart send nord for å rekruttere folk i Galilea til opprøret, men klarte det berre delvis. Han prøvde to gonger å erobre Sepphoris, men klarte ikkje å erobre byen, første gongen på grunn av hard galileisk mostand, det andre fordi ein garnison kom til for å assistere forsvaret av byen.Shaye J. D. Cohen,Josefus in Galilee and Rome: His Vita and Development As a Historian, BRILL, 2002 s.152. Kring opprøret hadde Sepphoris eit romersk teater og frå seinare tid er det funne bad og mosaikkgolv som syner menneskefigurar. Sepphoris og Jerusalem kan ha symbolisert eit kulturelt skilje mellom dei som prøvde å unngå kontakt med den kringliggande romerske kulturen og dei som til ein viss grad tok opp somme aspekt ved denne kulturen. Romarane vart avviste av Sepphoris og vart tvungen til å slå leir utafor byen, og Josefus gjekk vidare til Jotapata, som verka interessert i opprøret. Kringsetjinga av Jotapata enda den 20. juli 67 evt. Byar og landsbyar som ikkje deltok i opprøret vart sparte og i Galilea gjaldt dette dei fleste.Searching for Exile,Truth or Myth?, Ilan Ziv's film, screened on BBCFour, 3. november 2013 Myntar prega i byen kring det store opprøret, bar inskripsjonen Neronias og Eirenopolis, «Fredsbyen».
Like før Bar Kokhba-opprøret vart namnet på byen endra til Diocaesarea på Hadrian si tid, til ære for Zevs og den romersk keisaren. Etter opprøret i 132–135 slo mange jødiske flyktningar frå det øydelagde Judea seg ned her og gjorde byen til eit senter før jødedom. Rabbinaren Yehuda Hanasi, ein av dei som kompilerte Mishnah, ein kommentar til Torah, flytta til Sepphoris, i lag med Sanhedrin, den høgaste jødiske religiøse retten. Før dei flytta til Tiberias i 150 låg òg nokre jødiske utdanningsakademi, yeshivot, òg her. Galilea var hovudsakleg busett av jødar frå slutten av 100-talet til til 300-talet evt.Mordecai Avian, 'Distribution Maps of Archaeological data from the Galilea, in Jürgen Zangenberg, Harold W. Attridge, Dale B. Martin,(eds.) Religion, Ethnicity, and Identity in Ancient Galilea Mohr Siebeck 2007 s.115-132, s.132. Byen utvikla seg òg til ein travel handelsmetropol sidan han låg nær dei viktige handelsrutene gjennom Galilea. Hellenistiske og jødiske folk var blanda saman i dagleglivet, samstundes som jødane, heidningane og dei kristne heldt kvar sin identitet.Jürgen Zangenberg, Harold W. Attridge, Dale B. Martin, (eds.) Religion, Ethnicity, and Identity in Ancientr Galilea Mohr Siebeck 2007 s.9, 438.
Diocaesarea var øydelagd av jordskjelvet i Galilea i 363, men vart bygd opp etter kort tid, og vart verande eit stort jødisk samfunn i Galilea, både sosialt, kommersielt og andeleg.
Islamsk erobring og krosstoga Ya'qubi skreiv at Saffuriyyah vart teken under den første erobringa til arabarane i Palestina,le Strange, 1890, s.32 i 634.Khalidi, 1992, s. 351. Byen vart ein del av det stadig større kalifatet til omajadane, og al-jund-myntar vart prega av dei nye herskarane. Saffuriya dreiv handel med andre delar av riket på den tida, til dømes bar folk i Medina kapper laga i Saffuriyya.Crone, 2004, s. 102. Omajadaestyret vart erstatta av abbasidane og arabarar og dei islamske dynastia heldt fram å ha kontroll over byen heilt fram til fyrste verdskrigen, utan om eit kort avbrekk under krosstoga. I denne perioden vart byen kjend under det semittiske namnet Saffuriya.Chancey, 2005, s. 102. Etter dette vart regionen kontrollert av britane som styrte det Det britiske mandatet fram til Staten Israel vart oppretta i 1948.
Tidleg på 1100-talet kom krossfararane til Palestina. Dei bygde ei borg og eit vakttårn på toppen av åsen oppom Saffuriya, og tileigna det til Anna og Joachim, som skal ha vore foreldra til Jomfru Maria. Dette vart ein av dei lokale basane deira i kongedømet Jerusalem og dei kalla byen La Sephorie. I 1187 vart krossfararane sende ut frå La Sephorie for å kjempe i slaget ved Hattin. Etter nederlaget til krossfararane for Saladin, sultanen til ajjubidane, vart byen kalla Saffuriya. På 1400-talet kom Saffuriya under osmanarane. Det vart verande eit bispesete for den katolske kyrkja under namnet Diocaesarea i Palaestina.
Dei 1300 åra mellom styret til Herodes Antipas og Det osmanske riket var byen eit blømande senter for læring, med ein mangfaldig, multietnisk og fleirreligiøst folkesetnad på 30 000, som levde fredeleg saman.
Moderne historie Saffuriya kom under styret til Det osmanske riket etter at dei slo mamelukkane i slaget ved Marj Dabiq i 1516. Eit osmansk dekret frå 1572 skildrar Saffuriyya som ein av fleire landsbyar i Safad sanjak, som var ein del av Qaysi-fraksjonen og som gjorde opprør mot dei osmanske styresmaktene.Heydn, 1960, s. 83-84. Sitert i Petersen, 2002, s. 269 På slutten av 1500-talet var folketalet 366 familiar og 34 ungkarar, alle muslimar. Saffuriyya var større enn nabobyen Nasaret, men mindre enn Kafr Kanna.Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century, Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. Page 188. Mange viktige vitskapsmenn kom frå landsbyen i denne tida, inkludert qadi, al-Baq'a al-Saffuri (død 1625) og Ahmad al-Sharif (død 1633), ein diktar og qadi.Khalidi, 1992, s. 350-353.