Ginegar (hebraisk גִּנֵּיגָר) er ein kibbutz nord i Israel, ikkje langt frå Nasaret. Han ligg nær Migdal HaEmek og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 481.

Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1922 i Nedre Galilea på Rosh Hashanah-aftan. Kibbutzen vart kalla opp etter den gamle muren Gingar, som framleis er synleg i dag. Grunnleggjarane i kibbutzen, som arbeidde på ein moshavim i området på den tida, kom under den andre og den tredje Aliyah. Dei slo seg saman i 1920 og grunnla Degania Gimel sør for Degania Bet, der kibbutz Beit Zera seinare vart grunnlagd. Dei måtte sidan flytte fordi dei mangla land, og kom til den noverande staden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ginegar» frå , den 27. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Pictures: the first years of kibbutzen, landscape Pictures: the first years of kibbutzen, daily life

Kategori:Kibbutzar Kategori:Jezreeldalen regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 1922 Kategori:1922 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Polsk diaspora i Israel Kategori:Russisk diaspora i Israel