Gan Ner (hebraisk גַּן נֵר, tyder Lyshagen) er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg nær Den grøne linja sør for Afula og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 800.

Landsbyen vart grunnlagd i 1987 av ei gruppe familiar frå nærliggande moshavim, og vart kalla opp etter lord Barnett Janner. I 1995 vart det bygd eit nytt nabolag i samfunnet.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1987 Kategori:1987 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel