Anders Castus Gudbrandsson Svarstad, ofte berre A. C. Svarstad, () var ein norsk kunstmålar frå Hole i Buskerud som er best kjend for sine bylandskap.
mini|venstre|Gate i Brugge av Anders Svarstad frå 1910. Olje på lerret, Bergen Kunstmuseum mini|venstre|London hamn Svarstad var son til ein målar. Frå 1886 var han i tre år elev ved den seinare kunstskulen i Kristiania. Sidan livnærde han seg som dekorasjonsmålar i hovudstaden til etter 1900. Inn i mellom arbeidet studerte han kunst i Nord-Amerika 1895-97, og i Paris med handverksstipend hos Gustave Courtois til 1898 og deretter i København hos Lauritz Tuxen og seinare hos Christian Krohg.
Svarstad sine måleri er mest bybilete frå Belgia, Tyskland og Italia, der han budde i fleire år, og frå Noreg. Måleria hans er forma i ein kraftig stil og haldne i ein lysfattig, men sjølvstendig koloritt. Særleg fargane svart og raudt går att i bileta hans. Elles måla han ein del gode portrett, mellom andre av Sigrid Undset som han var gift med frå 1912 til 1925.
Frå 1926 dreiv han ein målarskule i Oslo saman med Søren Onsager.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anders Svarstad» frå , den 25. februar 2015.
Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Hole Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet