Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) var eit norsk direktorat som låg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det vart lagt ned 31. desember 2019. Den 1. januar 2020 vart Altinn, delar av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) samla i det nye Digitaliseringsdirektoratet. Samfunnsoppdraget til Difi var å vere det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentlig sektor.

Bakgrunn Direktoratet for forvaltning og IKT vart oppretta 1. januar 2008. Etaten hadde særleg ansvar for digitalisering av offentleg sektor, offentlege anskaffelsar og forvaltingsutvikling.Difi-strategien 2012-2015 i difi.no Difi var fagorgan for forvaltnings- og IKT-politikken i offentleg sektor.Statsbudsjettet 2015 for Kommunal og Moderniseringsdepartementet Direktoratet hadde ansvar for kunnskapsformidling, utgreiing og tilrådingar av standardar, utvikling av rettleiarar og forvaltning og drift av teknologiske felleskomponentar.

Difi vart oppretta for å «medverke til at statsforvaltninga kan kjenneteiknast av kvalitet, effektivitet, brukarretting, openheit og medverknad og at ho er organisert og leidd på ein god og målretta måte, med naudsynleg samordning på tvers av sektorar.»Regjeringens beskrivelse av formålet i statsbudsjettet for 2008 St.prp.nr 1 (2007-2008) FAD, kap 1521

Difi var ved etableringa i 2008 underlagt Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) og bestod av om lag 100 personar frå Statskonsult, Ehandelssekretariatet, Noreg.no og FAD. Før nedlegginga 1. januar 2020 var Difi underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hadde i alt 265 medarbeidarar, fordelt på 171 i Oslo og 94 i Leikanger (ved årsslutt 2014). Hans Christian Holte var direktør i Difi frå 2008 til juni 2013. Ingelin Killengreen tok permisjon frå stillinga si som departementsråd for å vere fungerande direktør i Difi frå 1. desember 2013, og fortsette som direktør fram til Steffen Sutorius vart tilsett og tok over frå 1.mai 2015

Kvart år fekk Difi eit tildelingsbrev som gav dei økonomiske rammene, fastset fullmakter, prioriteringar, resultatmål og krav til rapportering. Alle tildelingsbreva er tilgjengelege på nettsidene til regjeringa.Tildelingsbrev til DIFI 2014

Difi gav ut kring 15 rapportar i året. Ein firedel av desse vert lasta ned mindre enn 30 gonger og ein firedel har vorte lastet ned meir enn 500 gonger. Dei mest populære har vore ein rettleiar med tips til bruk av sosiale medium for forvaltningadifi.no Veileder i sosiale medier 20.09.2013 og ein rapport om digitale arkitekturprinsipp.

Tilgjengelegheit på offentlege nettsider Difi (og før fusjon gjennom noreg.no) gjennomførte frå 2004 til 2016 årlege kvalitetsvurderingar av offentlege nettstader. Omtrent 700 statlege og kommunale nettstader vart årleg vurderte ut frå tilgjengelegheit, brukartilpassing og grad av nyttig innhald. Resultatet av vurderingane vart lagt ut på kvalitet.difi.no.kvalitet.difi.no Kvalitet på nett og digitale tjenester Kriteriesettet vart årlig tilpassa etter høyring i kommentarfeltet på kvalitet.difi.no.

Difi fikk frå 2014 ansvar for å føre tilsyn med om nye nettsider og automatar følgjer reglane om universell utforming av IKT.Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger i lovdata.no

Nettstader Difi stod for drifta av fleire nettbaserte rettleiarar og verktøy.

Anskaffelsesportalen Prosjektveiviseren Samarbeidsportalen Standardiseringsportalen ID-porten MinID Statens standardavtaler (SSA) Noreg.no Kvalitet på nett og digitale tenester Universell utforming av IKT Offentlig elektronisk postjournal (OEP) data.norge.no

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Evaluering av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) rapport av Agenda Kaupang 31.12.2014 Computerworld: 113 millioner til IT-direktorat

Kategori:Norske statsetatar Kategori:Informasjonsteknologi Kategori:Skipingar i 2008 Kategori:2008 i Noreg Kategori:Nedleggingar i 2019