Afik (hebraisk אֲפִיק) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz grunnlagd i 1972.Future Of Golanhøgdene Has israelarar Living There Split, Too Some Would Give It Up For Peace With Syria. Others Say Never. Det var den første jødiske busetnaden grunnlagd i Golanhøgdene etter seksdagarskrigen.

Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, medan dei israelske styresmaktene motset seg dette.

Historie mini|venstre|Leilegheiter i Afik. Det er fleire stader i Bibelen som heiter Afek og kibbutzen trur ein ligg nær ruinane til ein Afek som er nemnt i Kongebøkene (1 Kong 20:26) som fortel om korleis kong Ahab av Israel slo Ben-Hadad I av Damaskus1 Kings 20, henta 22. februar 2015 og profeten Elisja som føresåg at kong Jehoash av Israel skulle slå Ben-Hadad III av Damaskus.

Afik kibbutz høyrer til Ihud HaKvutzot VeHakibbutzim og vart grunnlagd nær den fråflytta syriske landsbyeb Fiq den 8. mai 1972.Encyclopaedia Judaica: events of 1972-1981, s. 357, Encyclopaedia Judaica, 1982, henta 22. februar 2015 Han er styrt av Golan regionale kommune og Fik lufthamn ligg i nærleiken.

Økonomi Økonomien baserer seg på jordbruk (grønsake og frukthagar), meieridrift og kyllingavl. Kibbutzen driv òg fleire fabrikkar i lag med Yifat som Afic Printing Solutions, som produserer tonar og blekk til printarar.Nefesh b'Nefesh: kibbutz Afik

Sjå òg israelskokkuperte territorium

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Afik» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Stader i Bibelen Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel