Ed Dahi, òg kalla ad-Dahi (arabisk الدحي) eller berre Dahi (hebraisk דַחִי) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg like ved Afula og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune. Landsbyen ligg 550 meter over havet. I 2006 hadde han eit folketal på 556.
Historie Landsbyen er kalla opp etter Dahia Bin Khalifa al-Kalbei, som i følgje islamsk tradisjon var ein ven av profeten Muhammed. Dahia, ein ambassadør for Muhammed, prøvde å omvende den bysantinske keisaren Heraklios til islam. I følgje ei lokal segn skal Dahia ha vorte drepen og gravlagd der landsbyen ligg.Dahei Bustan al-Marj regionale kommune.
Under det britiske styret og folketeljinga i 1931, var det 16 busette hus i Ed Dahi for eit folketal på 87 muslimar.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Dahi
Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel