Freikollen på 629 moh. er det høgaste fjellet i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal. Fjellet ligg på øya Frei, og vert ofte vitja av dei lokale innbyggjarane. Dei som har over 25 turar får diplom.

Frå Freikollen er det flott utsikt over byen Kristiansund og kysten av Nordmøre.

I området omkring Freikollen ligg Lågfjellet (488 moh.), Snipå (455 moh.) og Møstabjønn (331 moh.).

Kategori:Geografi i Kristiansund Kategori:Fjell på Nordmøre