Colin Walker () er ein engelsk cellist.
Walker vart fødd i Minchinhampton i Gloucestershire og vart utdanna ved Royal Academy of Music i London. I følgje han sjølv var den største mistaket i livet hans å ikkje takke ja til å spele på The Beatles sin «Eleanor Rigby» (Haines, Guttenbacher og Petersdorff 2000). Han vart med i Electric Light Orchestra i 1972 på cello etter forslag frå fiolinisten Wilfred Gibson og debuterte med ELO på Reading Festival i 1972. Walker spelte cello på ELO 2, singelen «Showdown», som var John Lennon vart omtalt som ein av favorittsongane hans, og halve On the Third Day, men slutta i bandet i 1973 for å gifte seg.
Etter han slutta i ELO gjekk han attende til jobben som musikklærar og spelte cello på songen «Fool's Gold», på albumet Thought Talk av Starry Eyed and Laughing.
Han spelar i dag cello i Royal Opera House i Covent Garden i London.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Colin Walker (cellist)» frå , den 12. februar 2015. oppgav desse kjeldene: Haines, Marc, Patrik Guttenbacher, and Alexander von Petersdorff. 2000. «Colin Walker, Cello". www.facethemusic.de, Fanclub für Electric Light Orchestra und alle verwandten Musik-Gruppen und Künstler.
Kategori:Electric Light Orchestra-medlemmar Kategori:Britiske rockecellistar Kategori:Engelske cellistar Kategori:Folk frå Minchinhampton