Richard Tandy () var ein engelsk musikar som blei mest kjend som klaverspelar i Electric Light Orchestra («ELO»). Klaverinstrumenta hans (inkludert Mini Moog, clavinet, mellotron og piano) var ein viktig ingrediens i lyden til gruppa, hovudsakleg på albuma A New World Record, Out of the Blue, Discovery og Time.
Tandy var frå Birmingham og gjekk på skule i lag med den framtidige bandkollegaen Bev Bevan. Tandy byrja å spele med Bevan i 1968, då han spelte cembalo på The Move-hitten «Blackberry Way». Seinare, i 1972, var Tandy bassist i den første besetninga av ELO, og spelte stundom klaverinstrument, seinare på fulltid. I tillegg til ELO samarbeidde Tandy også med Lynne på andre prosjekt, som songar for Electric Dreams, soloalbumet til Lynne Armchair Theatre og det Lynne-produserte Dave Edmunds-albumet Information.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Richard Tandy» frå , den 11. februar 2015.
Kategori:The Move-medlemmar Kategori:Electric Light Orchestra-medlemmar Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske rockeklaverspelarar Kategori:Engelske rockepianistar Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Folk frå Birmingham