mini|Puss som renn ut frå ein fistel i halsområdet Ubi pus, ibi evacua er ein latinsk aforisme eller eit adagium som ofte blir brukt i medisin.American Medical Journal, Vol. 6, no. 6. 18. juni 1876, s. 226. Det kan omsetjast til «der det finst puss, der skal det evakuerast». Dette syner til den normale prosedyren der ein stikk hòl på ei samling av puss, slik at den kan renne ut.

Dette blir ofte gjort av otorhinolaryngologar hjå barn med kronisk residiverande mellomøyrebetennelse. Ein øyretube blir sett inn i trommehinna for å bidra til at den overflødige væska kan renne ut. Antibiotika har ofte vanskar med å trenge inn i abscessar, og verkar dårleg på grunn av låg pH. Evakuering gjennom dreneringskanalar er tilrådd, sidan det fjernar storparten av bakteriane og har god effekt med omsyn på å minske infeksjonen.

Sjå òg abscess fistel puss

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ubi pus, ibi evacua» frå , den 9. februar 2015.

Kategori:Latinske medisinuttrykk Kategori:Latinske ord og uttrykk