mini|Ivica Kostelić i 2011 Ivica Kostelić () er ein kroatisk tidlegre alpinist fødd i Zagreb. Han vann Verdscupen i alpine greiner 2011 og vart verdsmeister i slalåm i 2003. I tillegg sanka han i perioden 2006-14 fire OL-sølv, samt ein sølv- og ein bronsemedalje i ulike verdsmeisterskap. Janica Kostelić er systera hans.

Aktiv Kostelić slo gjennom i 2002-sesongen, han vann då tre slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner og sikra seg FIS-pokalen som prov på at han var verdas beste i slalåm. Året etter vann han gullmedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz.

Under Vinter-OL 2006 i Torino tok Kostelić sølvmedaljen i kombinasjonen og vart nummer seks i slalåm. Fire år seinare fekk han med seg to sølvmedaljar heim frå vinterleikane 2010 i Vancouver, fyrst i superkombinasjonen og deretter i yndlingsgreina slalåm.

Sesongen 2010/11 lukkast Kostelić å vinne verdscupen i alpine greiner, i tillegg gjekk han til topps både i kombinasjonsgreina og slalåmgreina av verdscupen. I januar månad 2011 sette han to rekordar i verdscupen; han vann sju renn og tok heile 999 poeng. Men då VM i alpine greiner 2011 vart avvikla i februar månad i Garmisch-Partenkirchen måtte han nøye seg med ein bronsemedalje i super-G.

Både i VM i alpine greiner 2013 i Schladming og under Vinter-OL 2014 i Sotsji tok Kostelić sølv i superkombinasjon.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Kroatiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kroatia Kategori:Kroatiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Kroatiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Kroatiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Kroatiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2014 Kategori:Folk frå Zagreb