«Our Day Will Come» er ein popsong skriven av Bob Hilliard og Mort Garson. Songen vart ein stor hit for Ruby & the Romantics i 1963 og nådde toppen av singellista i USA.

Ruby & the Romantics-versjonen

Låtskrivarane ønskte opphavleg å la ein etablert easy listening-artist spele inn songen, og gjekk berre med på å la den nye R&B-gruppa Ruby & the Romantics få spele inn songen etter at A&R-direktøren i Kapp Records, Al Stanton, lovde at om ikkje Ruby & the Romantics fekk ein hit med singelen, så skulle Jack Jones spele inn songen. Stanton spelte inn to versjonar av «Our Day Will Come» med Ruby & the Romantics, ein i middels tempo og ein annan i bossanovastil. Den sistenemnde hadde ein klassisk Hammondorgel-solo. og vart vald ut som singelutgåva i desember 1962. Denne nådde toppen av Billboard Hot 100 i mars året etter. «Our Day Will Come» gjekk til 11. plassen i Australia og 38. plassen i Storbritannia.Jay Warner. American singing groups: a history from 1940 to today; Hal Leonard Corporation; Milwaukee WI (2006) p.445 ISBN 0-634-09978-7 Medverkande på den originale innspelinga var Leroy Glover på orgel, Vinnie Bell, Al Gorgoni og Kenny Burrell på gitar, Russ Savakus på bass, Gary Chester on trommer og George Devens på perkusjon.

Amy Winehouse version

Amy Winehouse spelte inn songen for debutalbumet sitt Frank i 2002, men spelte han inn på ny. Den nye versjonen vart gjeve ut på den posthume utgjevinga Lioness: Hidden Treasures og som singel i november 2011. Det var den første singelen til Winehouse sidan «Love Is a Losing Game» i 2007 (ein duett me Tony Bennett på «Body and Soul».

Produsenten Salaam Remi, som hadde arbeidd med Winehouse på albuma Frank og Back to Black, i tillegg til den posthume samlinga, sa at «Our Day Will Come» var ein gripande påminning om talentet hennar. Musikkvideoen til «Our Day Will Come» var ein montasje av Winehouse gjennom karrieren hennar, med klipp frå andre musikkvideoar, konsertopptak og pressebilete.

Lister Liste (2011–12)PlasseringEuropean Hot 10015Island (Lagalistinn)5

Liste (2011–12)Plassering

Andre versjonar Andre artistar som har spelt inn songen er April 1963: Billy Fury på albumet Billy Mai 1963: Julie London på albumet hennar The End of the World Juni 1963: Blossom Dearie på albumet hennar Blossom Dearie Sings Rootin' Songs Juli 1963: Bobby Darin på albumet 18 Yellow Roses & 11 Other Hits September 1963: Patti Page på albumet hennar Say Wonderful Things Desember 1963: Brenda Lee på albumet hennar Let Me Sing 1963: George Chakiris på albumet You're Mine, You 1963: Les Compagnons de la chanson som «Ce Jour Viendra» på EPen Vol. 4 1963: The Earls på albumet Remember Me Baby 1963 Percy Faith and his Orchestra på albumet Themes for Young Lovers 1963: Dee Dee Sharp på albumet hennar Do the Bird Januar 1964: Bobby Rydell på albumet The Top Hits Of 1963 September 1964: Pat Boone på albumet Boss Beat November 1964: Julie Rogers - B-side av «Like a Child» #21 1964: Betty Everett og Jerry Butler på albumet Delicious Together 1964: The Lennon Sisters på albumet #1 Hits Of The 1960's 1964: Trini Lopez på albumet The Love Album 1964: Nancy Wilson på albumet hennar Today, Tomorrow, Forever 1964: Sonny Stitt og Bennie Green på albumet My Main Man Mars 1965: Doris Day på albumet hennar Latin for Lovers, arrangert av Mort Garson. 1965: Willie Bobo på albumet Spanish Grease 1965: The Supremes spelte inn songen for albumet There's a Place for Us, men han vart ikkje gjeven ut før 2005. Mary Wilson var solosongar på innspelinga. Februar 1966: Cher spelte inn ein versjon for albumet The Sonny Side of Chér. Songen var B-side til hitten «Bang Bang (My Baby Shot Me Down)». Cher-versjonen vart òg gjeven ut som ein eigen singel i november 1972. Oktober 1966: Cliff Richard på albumet Kinda Latin November 1966: Herb Alpert and The Tijuana Brass - B-side på singelen «Mame» #19/ album: SRO 1966: Fontella Bass på albumet hennar The 'New' Look 1966: James Brown på albumet Handful of Soul 1966: Claire Lepage som «Ce Jour Viendra» på albumet hennar Bang! Bang! 1966: Chris Montez på albumet Time After Time 1966: The Vibrations på albumet New Vibrations 1967: Buddy Merrill på albumet The Many Splendored Guitars Of Buddy Merrill 1967: Sharon Tandy (single) 1967: Cal Tjader på albumet Along Comes Cal 1967: We Five på albumet Make Someone Happy Mai 1968: The Lettermen på albumet Goin' Out of My Head 1968: Jimmy Castor på albumet Hey Leroy 1968: Toni Lamond på EPen hennar A Touch of Toni 1968: Inga Sulin som «Kun Aika» på albumet hennar Niinkuin Jokainen 1969: Classics IV på albumet Traces 1969: Spiral Starecase på albumet More Today Than Yesterday 1970: Isaac Hayes på albumet ...To Be Continued 1970: The Peter Ivers Band med Asha Puthli (gjeve ut i 2009) 1972: Charles Brown på albumet Driftin' Blues 1972: Bobby Vinton på albumet Sealed with a Kiss Juni 1973: Lorna Luft (singel) 1973: The Carpenters på albumet Now & Then August 1974: The Undisputed Truth på albumet Down to Earth Mai 1975: Charity Brown - B-side til singelen «Take Me in Your Arms (Rock Me a Little While)» #5/ album: Charity Brown Mai 1975: Carl Carlton - B-side til singelen «Morning, Noon and Nightime» R&B#71 / album Everlasting Love Oktober 1975: Frankie Valli - singel med Patti Austin #11 - album Our Day Will Come 1976: Cascade som «Korvissa Soi» på albumet Cascade 1976: Willem Breuker Kollektief på albumet Live in Berlin 1979: Esther Phillips på albumet hennar Here's Esther Are You Ready Juni 1982: David Frizzell og Shelly West: B-side til singelen deira «I Just Came Here to Dance» C&W #4/ album The David Frizzell & Shelly West Album 1982: Dionne Warwick på albumet hennar Heartbreaker 1983: Tony Joe White på albumet Dangerous 1989: k.d. lang for filmen Shag. Desember 1994: Ronald Muldrow på albumet Facing Wes 1994: Pete Anderson på albumet Working Class 2. april 1996: The Slackers med Doreen Schaefer på albumet Better Late Than Never 1996: Christina Aguilera spelte inn ein demoversjon i 1996 som kom ut på Just Be Free i 2001. 1998: Linda Purl på albumet hennar Alone Together 2001: James Darren på albumet Because of You 2003: Jimmy Ponder på albumet Alone 26. september 2005: Jamie Cullum på albumet Catching Tales 2005: Bobby Caldwell på albumet Perfect Island Nights 2007: Waldeck på albumet Ballroom Stories 2012: Katharine McPhee som Karen Cartwright i NBC-serien Smash. 2015: Naya Rivera som Santana Lopez, Heather Morris som Brittany S. Pierce, Chris Colfer som Kurt Hummell og Darren Criss og Blaine Anderson i TV-serien Glee.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Our Day Will Come» frå , den 7. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 2011 Kategori:Songar med tekst av Bob Hilliard Kategori:Songar skrivne av Mort Garson Kategori:Ruby & the Romantics-songar Kategori:Patti Page-songar Kategori:Doris Day-songar Kategori:The Supremes-songar Kategori:Cher-songar Kategori:We Five-songar Kategori:Isaac Hayes-songar Kategori:Bobby Vinton-songar Kategori:Carpenters-songar Kategori:Frankie Valli-songar Kategori:Dionne Warwick-songar Kategori:Christina Aguilera-songar Kategori:Amy Winehouse-songar Kategori:Betty Everett-songar Kategori:Bobby Darin-songar Kategori:Bobby Rydell-songar Kategori:Brenda Lee-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:Jerry Butler-songar Kategori:James Brown-songar Kategori:The Lettermen-songar Kategori:Nancy Wilson-songar Kategori:Tony Joe White-songar Kategori:K.d. lang-songar Kategori:Percy Faith-songar Kategori:Trini Lopez-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista