Close to You er det andre albumet til The Carpenters. Det kom ut i august 1970. I 2003 vart albumet rangert på 175. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Albumet inneheldt hitsinglane «(They Long to Be) Close to You» og «We've Only Just Begun». «(They Long to Be) Close to You» var den første store hitten til duoen og gjorde Carpenters kjend over store delar av verda. Albumet toppa salslista i Canada og nådde andreplassen i USA på Billboard-lista. Albumet gjorde òg suksess i Storbritanni og låg inne på topp 50 der i 76 veker i 1970-åra.
Mottaking
Allmusic si melding rekna Close to You som «eit overraskande sterkt album», og trekte særleg fram dei originale Richard Carpenter-songane «Maybe it's You», «Crescent Noon» og «Mr. Guder», og skildra dei som glimrande døme på stemma til Karen Carpenter og talentet Richard hadde for arrangement.
Innhald
Lister
Vekeslister ListePlasseringAustralian Kent Music Report Chart16Canadian RPM Album Chart1Japanese Oricon LP Chart53UK Album Chart23U.S. Billboard 2002
Årslister Liste (1971)PlasseringU.S. Billboard Year-End3
Medverkande Produsent: Jack Daugherty Arrangement og orkestrering: Richard Carpenter All vokal: Karen og Richard Carpenter Trommer: Karen Carpenter og Hal Blaine Klaverinstrument: Richard Carpenter Bass: Joe Osborn og Danny Woodhams Blåseinstrument: Jim Horn, Bob Messenger, Doug Strawn Lydteknikar: Ray Gerhardt and Dick Bogert Kunstarisk leiar: Tom Wilkes Fotografi: Kessel/Brehm Photography
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Close to You (The Carpenters album)» frå , den 3. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:The Carpenters-album Kategori:Album produserte av Jack Daugherty Kategori:A&M Records-album Kategori:Engelskspråklege album 175