mini|Xi Jinping er president i Kina.

Folkerepublikken Kina har ein person med tittelen zhuxi som statsleiar. Dette kinesiske ordet tyder ‘formann’, og vart brukt som tittel på leiarane fram til ein ny grunnlov i 1982 slo fast at den offisielle omsetjinga var president. Presidenten vert formelt vald av den nasjonale folkekongressen, som i praksis stemmer over éin kandidat lagd fram av partileiinga.

Val og kvalifikasjonar Ifylgje forfatninga av 1982 skal presidenten og visepresidenten til Folkerepublikken Kina verta valde av Den nasjonale folkekongressen. Kandidatane til president- og visepresident-embetet skal verta nominerte av Den nasjonale folkekongressens presidium. I praksis er det slik at det regjerande Kinas kommunistparti reserverer president-stillinga til den sitjande generalsekretæren.

Forslag om å fjerna presidenten og visepresidenten frå embeta deira kan verta sett fram av tre eller fleire delegasjonar eller minst ein tidel av talet deputerte i folkekongressen. Presidiet skal så leggja fram forslaget til folkekongressen for debatt.

Embetsperioden til presidenten og visepresidenten er den same som mandatperioden til Den nasjonale folkekongressen. Fram til endringane i forfatninga den 11. mars 2018 kunne presidenten og visepresidenten berre tenestegjera i to etterfylgjande periodar. Denne tidsavgrensinga fall bort.

Kinesiske statsborgarar, som har stemme- og valbarrett og har fylt 45 år, kan veljast som president eller visepresident.

Funksjonar Presidenten i Folkerepublikken Kina promulgerer lover, utnemner eller fjernar mellom anna statsministeren, visestatsministrane, statsrådane, ministrane, riksrevisoren og Statsrådets generalsekretær, tildelar nasjonale medaljar og ærestitlar, innvilgar benåding, erklærer unntaks- og krigstilstand og kan dessutan skrive ut mobiliseringsordre. Presidenten utnemner og tilbakekallar landets ambassadørar i utlandet, ratifiserer og annullerer traktatar eller viktige semjer, som er inngådde med framande land.

Ifylgje forfatninga må alt dette verta gjort i samsvar med avgjerslene til folkekongressen og den permanente komitéen.

Liste over statsleiarar

Bilete Namn Embete Parti Ref.中央人民政府主席(Formann i Den sentrale folkeregjeringa) 80px Mao Zedong 1. oktober 1949–27. september 1954 Zhōngguó Gòngchǎndǎng 中华人民共和国主席(Formann i Folkerepublikken Kina) 80px Mao Zedong 27. september 1954–27. april 1959 Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Liu Shaoqi 27. april 1959–31. oktober 1968 Zhōngguó Gòngchǎndǎng 中华人民共和国副主席(Viseformann i Folkerepublikken Kina) 80px Dong Biwu 31. oktober 1968–24. februar 1972 Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Song Qingling Zhōngguó Guómíndǎng Gémìng Wěiyuánhuì 中华人民共和国代主席(Fungerande formann i Folkerepublikken Kina) 80px Dong Biwu 24. februar 1972–17. januar 1975 Zhōngguó Gòngchǎndǎng 中华人民共和国全国人民代表大会常务委员会委员长(Formann for Den nasjonale folkekongressen sin permanente komité i Folkerepublikken Kina) 80px Zhu De 17. januar 1975–6. juli 1976 Zhōngguó Gòngchǎndǎng 中华人民共和国全国人民代表大会常务委员会副委员长(Viseformann for Den nasjonale folkekongressen sin permanente komité i Folkerepublikken Kina) 80px Song Qingling 6. juli 1976–5. mars 1978 Zhōngguó Guómíndǎng Gémìng Wěiyuánhuì 80px Liu Bocheng Zhōngguó Gòngchǎndǎng 70px Wu De Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Wei Guoqing Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Saifuddin Azizi Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Guo Moruo Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Xu Xiangqian Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Nie Rongzhen Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Chen Yun Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Tan Zhenlin Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Li Jingquan Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Zhang Dingcheng Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Cai Chang Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Ulanhu Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Ngabö Ngawang Jigme Uavhengig 80px Zhou Jianren Zhōngguó Mínzhǔ Cùjìnhuì 80px Xu Deheng Jiǔsān Xuéshè 80px Hu Juewen Zhōngguó Mínzhǔ Jiànguóhuì 80px Li Suwen Zhōngguó Gòngchǎndǎng 70px Yao Lianwei Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Deng Yingchao 2. desember 1976–5. mars 1978 Zhōngguó Gòngchǎndǎng 中华人民共和国全国人民代表大会常务委员会委员长(Formann for Den nasjonale folkekongressen sin permanente komité i Folkerepublikken Kina) 80px Ye Jianying 5. mars 1978–18. juni 1983 Zhōngguó Gòngchǎndǎng 中华人民共和国主席(President i Folkerepublikken Kina) 80px Li Xiannian 18. juni 1983–8. april 1988Zhōngguó Gòngchǎndǎng 80px Yang Shangkun 8. april 1988–27. mars 1993 80px Jiang Zemin 27. mars 1993–15. mars 2003 80px Hu Jintao 15. mars 2003–14. mars 2013 80px Xi Jinping 14. mars 2013–

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Folkerepublikken Kinas president» frå , den 27. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kina Kategori:Kinesisk politikk